Hopp til innhold

Reagerer sterkt på forslaget om å kutte i stønaden til folkehøgskulane

Folkehøgskulane i fylket reagerer sterkt på utspelet til Unge Høgre om å fjerne den statlege stønaden til folkehøgskulane.

Nordfjord folkehøgskule

EIT FOLKEHØGSKULEÅR: er ein del av allmenndanninga seier inspektør ved Sogndal folkehøgskule Paul Hough. Her ser ein Nordfjord folkehøgskule på tur i fjellheimen.

Foto: Nordfjord folkehøgskule

– Eg blir litt sett ut fordi det er litt kunnskapslaust, seier inspektør ved Sogndal folkehøgskule, Paul Hough.

Fylkeslaga til Unge Høgre gjekk under Vestlandskonferansen i helga inn for å avvikla den statlege stønaden til folkehøgskulane, samt fjerne dei to studiepoenga som blir gitt i dag. Dette vekkjer reaksjonar hjå folkehøgskulane i fylket.

Paul Hough

KUNNSKAPSLAUST: Inspektør ved Sogndal folkehøgskule Paul Hough meiner utspelet til Unge Høgre er litt kunnskapslaust.

Foto: Sogndal folkehøgskule

Har misforstått kva folkehøgskulane driver med

– Eg tenkjer at dei kanskje har gjort seg flid med å studera nokre budsjettal, men eigentleg ikkje har forstått kva folkehøgskule dreier seg om, seier Hough.

Hough reagerer på korleis Unge Høgre uttaler seg om det arbeidet som folkehøgskulane gjer.

– Dei nemner hekling og skiturar i ei bisetning, men det er jo langt ifrå berre det folkehøgskule dreier seg om. Det handlar om allmenndanning. Ein lære seg ting som ein ikkje kan lære gjennom akademisk utdanning.

Inspektøren er oppteken av at læringsprosessen på folkehøgskulen er kontinuerleg.

Læringa på folkehøgskulen går føre seg heile tida, i den nærkontakten dei har med kvarandre, og i møte med alle moglege fag og lokalsamfunnet

Paul Hough

– Læringa på folkehøgskulen går føre seg heile tida, i den nærkontakten dei har med kvarandre, og i møte med alle moglege fag og lokalsamfunnet. Det er ei læring som ikkje kan kvantifiserast, seier Hough.

Snevert syn på læring

Dette stemmer Jorun Knapstad rektor ved Sunnfjord folkehøgskule i.

– Utspelet går jo på eit litt for snevert syn på kva læring er for noko. Elevar hjå oss seier jo at dei lærer mykje meir på eitt år på folkehøgskulen, enn nokon anna stad, fortel Knapstad.

– Det handlar kanskje om at ein får tak på lærdommen sjølv. Ein kan sitte med boklærdom i massevis, men kva nytte får ein ut av det? Her lærer ein gjennom erfaring, reising, kontakt med andre, og ein erfarer på ein heilt anna måte. Lærdommen blir ein del av deg, held Knapstad fram.

Nordfjord folkehøgskule

GOD LÆRDOM: på folkehøgskule lærer ein gjennom erfaring, reising og kontakt med andre, uttaler Jorun Knapstad. Biletet er av Nordfjord folkehøgskule på tur.

Foto: Nordfjord folkehøgskule

Eit overraskande utspel frå Unge Høgre

Hildegunn Gjesdal Tennebø rektor ved Nordfjord folkehøgskule er på si side overraska over den linja som Unge Høgre legg seg på med utspelet.

– Fyrst og fremst er eg ganske overraska over at det er dette Unge Høgre vel å bruke kreftene sine på.

– Mitt inntrykk er at Unge Høgre her verkeleg ikkje har sett seg inn i kva slags type læring folkehøgskulane driv med.

I år er det 150 år sidan den fyrste folkehøgskulen vart starta i Noreg, og dei har vore ein viktig del av nasjonsdanninga i Norge, seier Gjesdal Tennebø.

– Eg er litt overraska over at ikkje Unge Høgre ser større på individet sin fridom til å kunne velje ein sånn type utdanning.

Subsidiere alle friår?

Leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Lise May Sæle, er på si side oppteken av å presisere at dei ikkje er imot folkehøgskulane, men at Unge Høgre ser no som handlingsrommet blir mindre at det kjem til å bli nødvendig å gjere kutt i velferdsordninga.

– Me meiner at pengane som i dag går til folkehøgskulane heller burde brukast til eit betre skulehelsetilbod, og vidare og etterutdanning av lærarar, seier Sæle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lise-May Sæle

FYLKESLEIAR I UNGE HØGRE I SOGN OG FJORDANE: Lise May Sæle meiner at pengane som i dag går til folkehøgskule heller bør gå til betring av skulehelsetilbodet.

Foto: Privat

– Men føler du at de i Unge Høgre fullt ut har forstått kva det å gå på folkehøgskule inneber?

– Det føler me at me har, så eg trur ikkje det er det dette står på. Men eit år på folkehøgskule er jo som eit friår. Nokon vel eit år på folkehøgskule, andre vel å jobbe, og nokon vel å reise. Spørsmålet blir då om ein skal byrje å subsidiera alle sitt friår?

– Me meiner at folkehøgskulane framleis skal stå, men me meiner at elevane må betale dette sjølv, seier Sæle.