Hopp til innhold

Naudnettdekninga vert dårlegare enn dei vart førespegla

Naudetatane reagerer på at naudnett-dekninga vert dårlegera enn først førespegla. No vil dei ta opp saka med Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK).

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde

VIL TA OPP SAKA MED DNK: Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde (t.h).

Foto: Simon Solheim/NRK

– Alle naudetatane er avhengige av å ha eit godt samband. Både ved innsats i tunnelane, men også ved ferdsel fram til skadested og transport til sjukehus, seier Stian Sægrov, ambulansesjef i Helse Førde.

Han fortel at naudetatane vart førespegla ei langt betre naudnett-dekning i tunnelane enn det som no ser ut til å bli resultatet.

For sjølv om 12 nye vegtunnelar får naudnett dei komande åra, vil fleire av dei lengste og eldste framleis mangle dekning.

Det betyr at Frudalstunnelen (6,7 km), Fjærlandstunnelen (6,3 km) og Høyangertunnelen (7,5 km) heller ikkje i framtida vil ha naudnett.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frudalstunnelen, Fjærlandstunnelen, Høyangertunnelen

UTAN NAUDNETT: Tre lange tunnelar utan naudnett. Frå venstre; Frudalstunnelen, Fjærlandstunnelen og Høyangertunnelen.

Foto: Kjell Arvid Stølen (montasje) / NRK

Mange tunnelar utan naudnett

– I det første informasjonsmøtet fekk vi høyre at det skulle byggjast ut naudnett i tunnelar i stor skala, fortel Sægrov.

Første signalet dei mottok var at det skulle verta naudnett i alle tunnelar over 500 meter.

Men sidan har naudetatane fått motstridande informasjon.

Direktoratet for naudkommisjon (DNK) vil ha naudnett i alle tunnelar med årsdøgntrafikk på over 5 000 bilar – det vil seie eit snitt på 5 000 bilar i døgnet.

Men ingen tunnelar i fylket er i nærleiken av slike trafikktal.

– I korte trekk betyr det at mange tunnelar over 500 meter i ikkje vil få naudnett, sukkar Sægrov.

Vil ta opp saka

Han fortel at naudetatane i Sogn og Fjordane allereie har vore i Oslo i møte med DNK.

– Vi har fått signal frå dei om at vi er ønskt ned igjen for ein ny gjennomgang over nyttår.

– Eg opplever at alle naudetatane er klare i sin tale om at vi ynskjer betre samband i tunnelar. Vi har også gitt innspel til kva geografiske område i fylket som treng utbetring, forklarar Sægrov.