Hopp til innhold

Rasfaren i fjellet på Vestlandet er uvanleg stor for årstida

Rasfaren i fjellet på Vestlandet er større denne våren enn den brukar å vere. Seint snøfall og brå overgang til varmare vêr er forklaringa.

Rasområde i Fjærland

RAS: Tre jenter løyste ut fleire skred på veg ned frå Flatbrehytta i Fjærland. Rasfaren er større denne våren enn den brukar å vere, seier skredforskar.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

– Situasjonen er litt spesiell i år, i og med at vi har ein forseinka vår, seier skredforskar Krister Kristensen ved Norges Geotekniske Institutt (NGI).

Ein mann vart laurdag kritisk skadd etter at han vart teken av eit skred ved Store Vengjeting i Isfjorden i Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane måtte fem personar reddast ned frå fjellet i Fjærland etter at det hadde gått fleire ras i området.

Kristensen seier folk som skal gå på ski i fjellet på Vestlandet bør vere forsiktige. Her har det kome ein del nysnø i det siste og det er lite som skal til for at den losnar og det oppstår skred.

Skal lite til for å løyse ut skred

Skredforskar Krister Kristensen

SPESIELL VÅR: Mykje nysnø og brå overgang til finare vêr gjer at det er meir rasfare denne våren enn til vanleg, fortel skredforskar Krister Kristensen.

Foto: NRK

Årsaka til at rasfaren denne våren er større enn vanleg er at det i år har kome ned mykje nysnø dei siste vekene. Når det no brått slår om til sol og fint vêr blir det problem, forklarar Kristensen.

– Det er stor fare for å løyse ut skred når ein køyrer ned bratte heng når situasjonen er slik den er no. Skreda kan bli ganske store, og dersom det er folk nedanfor, eller folk blir tekne, så kan det vere farleg, seier skredforskaren.

Han seier det er lite som skal til for at snøen losnar når snøforholda er slik dei er no. Det varme vêret er med på å forverre situasjonen utover dagen. Når sola steiker løyser den opp bindingane i snøen og snøen blir veldig grautete.

– Slike våte lausmasseskred losnar ofte rett under skia på folk, seier Kristensen.

– Å bli tatt av eit slikt skred er farleg, særleg om ein blir drege ned bratte fjellsider, eller ned mot elvegjel. Det kan vere livsfarleg.

– Større enn vi hadde trudd

Eit turfølgje på tre jenter løyste laurdag ut fleire skred då dei var på veg ned frå Flatbrehytta i Fjærland. Raset losna under skia på jentene som snudde med det same.

– Det var ikkje noko stort slik vi såg det, men då vi hadde løyst det ut tenkte vi berre: Nei, her kan vi ikkje gå, fortel jentene til NRK.no.

Først då dei vart berga ned med helikopter, og fekk sjå området frå lufta, vart dei merksame på kor store rasa i området var.

Store skilnader

Skredfaren blir varsla frå faregrad 1-5, men Kristensen seier det er vanskeleg å seie noko om kor stor rasfaren er på Vestlandet nett no. Han seier faren varierer mykje frå plass til plass, og i tillegg også frå tidspunkt på dagen.

– Nokre plassar er nok rasfaren oppe i 3. Det er forskjell på fjellsider som ligg i skugge og som ikkje er så utsette, og fjellsider som er solvendte, seier Kristensen.

– Spesielt om ettermiddagen i solvendte sider er det rasfarleg, seier han vidare.

Gå tur tidleg om dag

Eit godt råd er difor å halde seg unna dei bratte henga om ettermiddagen, spesielt etter at sola har fått steike.

– Folk bør vere litt meir obs enn dei er elles på denne årstida. Unngå turar om ettermiddagen og gå heller turen om morgonen, seier Kristensen.

Han vil ikkje seie at folk skal halde seg unna fjellet. Folk kan til dømes velje å gå på sikre fjellryggar eller der det ikkje er bratt nok til at det losnar skred, seier Kristensen.

– Det er fint å gå på skitur om våren, men det er om å gjere å tenkje at det er litt meir skummelt for lausmassseskred i år enn det er til vanleg, seier Kristensen.