Hopp til innhold

Jenter berga ned - vil åtvare andre

Dei tre jentene som utløyste fleire ras ved Flatbrehytta i Fjærland laurdag vart først klare over omfanget då dei vart berga ned frå fjellet. No åtvarar dei andre mot å gå på ski i same området.

Berga ned frå Flatbrehytta etter ras

BERGA NED: Jentene som vart berga ned frå fjellet i Fjærland ber andre vere forsiktige om dei skal ferdast i same område.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum (montasje)

– Det laussnøskredet som vi løyste ut såg ikkje så stort ut derfrå som vi stod, men vi bestemte oss uansett for å berre snu, fortel ei av jentene, som er frå Oslo, men no bur i Sogndal.

Den 20 år gamle kvinna gjekk Jostedalsbreen på langs med to venniner denne helga. Dei tre jentene ønskjer ikkje å stå fram med namn. I tillegg til jenta frå Oslo var det ei 22 år gamal jente frå Sør-Fron og ei 20 år gamal jente frå Surnadal.

Turfølgje på tre la ut på tur 16. mai, og då dei skulle gå siste rest laurdag fekk turen ein litt meir dramatisk slutt.

Etter å ha løyst ut fleire skred på veg ned frå Flatbrehytta vart jentene til slutt henta ned med helikopter. Rasfaren i området vart då vurdert som stor, og det var ikkje forsvarleg for jentene å ta seg ned fjellsida på ski.

Jentene ber no andre om å vere forsiktige.

– Her kan vi ikkje gå, tenkte vi

Jentene har ikkje teke skrekken av hendinga i går. Alle tre har gått mykje i fjellet og har fleire gonger tidlegare gjort vurderingar på kor vidt det er rasfare eller ikkje i områda dei har gått i. Laurdag starta turfølgje på siste del av turen heilt øvst på Supphellebreen og i 12-tida kom dei fram til Flatbrehytta.

– Sola hadde begynt å steike den siste timen før vi kom oss ned dit, fortel 20-åringen.

– Men om våren er det ikkje alltid like lett å vurdere kva som er trygt og ikkje.

Etter ein times pause på hytta snørte jentene på seg skia og byrja ta seg ned fjellsida. Jentene var svært merksame på at det kunne vere rasfarleg, og tok det sakte nedover. Så losnar snøen under dei.

– Den av oss som gjekk fremst gjekk veldig sakte, men løyste likevel ut eit skred. Det var ikkje noko stort slik vi såg det, men då vi hadde løyst det ut tenkte vi berre: Nei, her kan vi ikkje gå.

-Så då snudde og gjekk tilbake.

I Møre og Romsdal vart ein person frakta til sjukehus etter at vedkommande vart hardt skadd i ei skredulukke ved Store Vengjetind laurdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasområde ved Flatbrehytta i Fjærland

RAS: Det gjekk fleire ras i området der jentene skulle ta seg ned. Sjølv løyste dei ut minst eit av dei.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Ikkje trygt å ta seg ned

Ho seier dei ikkje opplevde situasjonen som direkte dramatisk, og at dei på ingen måte vart livredde.

– Det er sjølvsagt ikkje noko gøy å løyse ut eit skred, men ein må tenkje rasjonelt når slike ting skjer.

Jentene tok seg tilbake til Flatbrehytta og fekk kontakta Røde Kors og politi. Slik turfølgje vurderte situasjonen var det ikkje trygt å ta seg ned med ski, i iallfall ikkje medan sola steikte.

Snøskredfaren er generelt mindre på våren enn om vinteren. Samtidig er det slik at det som ofte lokkar folk ut på tur, sola, kan gjere turen farleg med tanke på rasfare. Varmen frå sola kan føre til såkalla solutløyste lausmasseskred.

Ras kvart femte minutt

Samtidig som jentene søkte tilflukt på hytta vart også to andre skigåarar som var i område merksame på rasa. Gaute Dvergsdal Bøyum og ein annan mann fekk vite om jentene som ikkje kom seg ned, og ein av dei tok seg vidare opp til hytta, ifølgje Firda.no.

Sjølv vart Dvergsdal Bøyum ståande vel 150 meter frå hytta. Der stod han trygt og hadde utsyn til rasområdet.

– Fram til sola forsvann gjekk det ras nesten kvart femte minutt, kunne han fortelje til NRK.no laurdag.

Farlege forhold

Politiet vurderte i løpet av ettermiddagen laurdag korleis dei skulle få jentene trygt ned frå fjellet.

Det at det har kome ned eit lag med våt tung snø i området, har ført til stor rasfare og det vart etter kvart bestemt at jentene skulle bli henta ned med helikopter.

Det var ikkje ønskjeleg at jentene skulle ta seg ned frå området på eiga hand. Også dei to mennene som var i området vart løfta trygt ned på flatmark.

– Visste ikkje kor stort det var

Jentene sov på hytta då dei plutseleg høyrte eit helikopter over seg. Jentene seier dei vart letta då dei fekk vite at dei skulle få hjelp ned frå fjellet, men seier dei hadde klart seg fint om dei måtte overnatte på hytta.

Vel nede frå fjellet fekk dei sjå bileta som Gaute Dvergsdal Bøyum hadde teke av rasområdet. Der kunne dei sjå korleis det som dei hadde sett som eit lite skred, i verkelegheita var eit heller større ras.

– Det var jo nesten 150 meter langt og 15 meter breitt på dei breiaste. Det overraska oss, seier jentene.

Vil åtvare andre

Dei tre jentene vil no åtvare andre mot å gå på ski i same område. Dei fekk sjølve oppleve rasfaren på nært hald, og då dei såg kor mange ras som hadde gått i fjellsida prisa dei seg lukkelege for at det ikkje gjekk verre.

– Vi såg jo at det hadde gått mykje meir ras enn det vi trudde, seier 20-åringen.

– Vi vil gjerne åtvare andre. Det er veldig rasutsett i dette området no og situasjonen har forandre seg mykje i det siste.

Også politiet understrekar at det er vanskelege og til dels farlege forhold i området ved Flatbrehytta. Dei tre venninnene ber folk ta førehandsreglar. Sjølv snudde dei så snart dei såg korleis forholda var.

– Vi har respekt for fjellet og ville ikkje utsetje oss for fare.