Hopp til innhold

Kom seg ikkje ned frå fjellet

På veg ned frå Jostedalsbreen utløyste turfølgje fleire ras. Jentene måtte søkje tilflukt på ei hytte og lenge var det uklart korleis dei skulle komme seg ned.

Rasområde i Fjærland

RASOMRÅDE: På veg ned frå fjellet har jentene utløyst fleire skred. Hytta, der dei no har søkt tilflukt, ligg bak toppen til høgre.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Dei tre jentene har gått Jostedalsbreen på langs, men kom seg no ikkje ned frå fjellet. I forsøk på å kome seg ned til Øygard i Supphelledalen i Fjærland skal dei ha utløyst fleire skred, men ingen av dei vart tekne, opplyser politiet.

Dei tre gjekk då tilbake til Flatbrehytta, der dei søkte tilflukt.

Politiet seier ved 18-tida at dei vurderer situasjonen, men at det er vanskelege snøforhold og stor rasfare i ruta ned frå fjellet.

– Det er ingen akutt fare, men vi vurderer situasjonen fortløpande, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ein halvtime seinare hadde politiet bestemt seg for å hente ned jentene med helikopter.

Trur det kan gå fleire ras

Gaute Dvergsdal Bøyum, som også var på tur i området, seier til Firda.no at det har rasa mykje i området. Han står no vel 150 meter frå toppen.

– Det gjekk ras kvart femte minutt nesten, men no når sola forsvann har det gitt seg, seier han til NRK.no.

Han seier sola har varma opp snøen i området og gjort den svært ustabil, og trur at skiløparar vil kunne løyse ut skred i området, også etter at sola har gått ned.

– Det er eit ganske tjukt lag med veldig mjuk snø her, seier han til NRK.

Han håpar at han skal klare å ta seg ned att i løpet av kvelden, og seier det vil ta vel halvanna time å ta seg ned frå fjellet.

Ein annan mann skal ha teke seg heilt opp til hytta, medan Dvergsdal Bøyum valde å ikkje gå vidare.

Henta ned med helikopter

Dei vanskelege forholda i fjellet gjorde til slutt at politiet bestemte seg for å hente dei ned med helikopter. Det er ikkje ønskjeleg at jentene skal prøve å ta seg gjennom rasområdet slik situasjonen er no.

– Luftambulansen frå Førde vil reise ut, og dersom alt går som planlagt, reknar vi med at situasjonen er løyst i løpet av ein time, seier Eggen hos politiet til NRK.no klokka 18.30.

Dei to mennene som var i området blir også henta ned med helikopter.

I Møre og Romsdal er ein person frakta til St. Olavs i Trondheim etter at han vart skadd i eit ras ved Store Vengjetind. Det har også gått fleire andre skred i nabofylket i nord.