Hopp til innhold

Rasfare stengjer fleire vegar

Statens vegvesen vil tysdag kveld stengje fleire vegstrekningar grunna fare for ras.

Vikafjell stengd skilt

STENGT: Vikafjellet er blant vegstrekningane som vil vere stengt natt til onsdag grunna rasfare.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Tysdag har det gått snøras fleire stader i fylket. I tillegg til at fleire av desse vegane ikkje vil opne att grunna rasfare vil også fleire andre strekningar bli stengde.

Bil tatt av ras

I Gudvangen klarte ein bilførar å redde seg uskadd ut etter at bilen hans vart tatt av eit snøskred på fylkesveg 241 mellom Gudvangen og Bakka.

Det har gått fleire ras på strekninga og vegen vil ikkje opne att tysdag opplyser vegmeldingssentralen.

På riksveg 13 over Vikafjellet vart ein snøfres delvis tatt av eit skred måndag kveld.

Stengjer fleire stader

Fleire vegar er allereie stengde tysdag ettermiddag grunna ras, og desse vil ikkje opne att i dag.

- Riksveg 13 over Vikafjellet
- Fylkesveg 242 mellom Aurlandsvangen og Skjerdal
- Fylkesveg 92 mellom Vik og Framfjord
- Fylkesveg 241 Gudvangen – Bakka

Desse vegane vert stengde på grunn av fare for ras

- Fylkesveg 53 Tyin-Årdal (stengde klokka 17)
- Fylkesveg 55 mellom Vadheim og Dragsvik
- Fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitstrand
- Fylkesveg 601 Langhuso-Underdal

Ved 16.40-tida har politiet også fått melding om at vegen frå Årdalstangen til Offerdal er stengt grunna snøras.