Hopp til innhold

Ras skapar problem for bøndene: Her prøver dei å berge mjølka

Mjølkebilen kjem seg ikkje fram til bygda. No fyller bøndene opp i alt dei har.

Nils Magne Gjengedal og sonen Jens Andre Gjengedal tømmer ut melk.

PRØVER Å UNNGÅ MATSVINN: På grunn av ras kjem ikkje mjølkebilen fram. Nils Magne Gjengedal og sonen Jens-Andrè Gjengedal i Hyen ventar i det lengste med å tømme mjølka i sluken.

Foto: Elise Kvien / NRK

– Vil du ha gratis mjølk, er det berre å komme til Gjengedalsgrenda. Du skal få mjølk oppi alle «binner» du tek med deg, seier bonden Nils Magne Gjengedal.

For av og til byr livet på uvêr, ras og stengd veg for mjølkebilen.

– Slik er det no berre, seier bonden.

Sist veke raste delar av vegen ut. Sidan har ikkje mjølkebilen klart å komme fram på den smale og svingete vegen til bygda i Nordfjord.

Dette har skapt problem for bøndene i grenda.

– Eg får verken inn kraftfor til dyra eller ut mjølka til leveranse, seier Gjengedal.

Det er ikkje første gongen fat ras og uvêr skapar problem for folk i den vesle bygda. Seinast sommaren 2019 var bygda heilt isolert etter at enorme vassmengder tok ei bru.

Skiltet inn til Gjengedalen.

STENGT FOR MJØLKEBILEN: Fylkesveg 5730 er den einaste vegen fram og tilbake til Gjengedalen. Berre små bilar kan no ferdast på vegen. Den blir ikkje opna for tyngre køyretøy på ei stund.

Foto: Elise Kvien / NRK

Må kaste fleire tusen liter

Gjengedal leverer kring 2000 liter mjølk kvar gong mjølkebilen er innom. Det er kvar tredje dag. Naboen pleier å levere kring 500 liter.

Dei to gardane får ikkje levert mjølk neste gang mjølkebilen skulle ha kome heller. Dermed vil minst 5000 liter mjølk bli tømt rett i sluken.

Nils Magne Gjengedal.

MINDRE BEHALDARAR: Mjølketanken er full. No blir mjølka hella over i mindre behaldarar.

Foto: Elise Kvien / NRK

Ville køyre mjølkebilen i møte

Bøndene har undersøkt om det finst alternative måtar å få levert mjølka på. Eit alternativ var å køyre mjølkebilen i møte med ein flyttbar tank.

– Det gjekk ikkje. Tankbilen har sine ruter dei må halde. Eg forstår at den ikkje har tid til å stå og vente på meg, seier Gjengedal.

No fyller han oppi det som er tilgjengeleg. Sjølv om bøndene får erstatning, likar dei likevel ikkje å kaste gode råvarer.

– Dette er tragisk.

Veit ikkje kva dei skal gjere med mjølka. Tømmer den over i mindre behaldarar.

FORTVILA SITUASJON: Foreløpig har dei behaldarar å tømme mjølka i. Men snart er hovudtanken full igjen. Då begynner hellinga rett i sluken.

Foto: Elise Kvien / NRK

Ser mørkt ut for mjølkeleveringa

Byggjeleiar Dagfinn Sande i Vestland fylkeskommune fortel at vegen er svært ustabil.

– Dette er ein svært krevjande veg å få i orden, seier han.

No jobbar dei på med å sikre vegen på undersida. Kring ein tredjepart av massen under deler av vegbana er borte.

– Dette kjem til å ta tid, og vi må nok få inn fleire fagfolk også, seier Sande.

Bilete av holet under vegen. Teken av bonden Nils Magne Gjengedal.

HOL UNDER VEGEN: Dette digre holet skapar hovudbry for dei som skal fikse vegen.

Foto: Nils Magne Gjengedal