Hopp til innhold

60 menneske er innestengde av ras i Gloppen

Ein trailersjåfør måtte rygge ut av raset på Fylkesveg 691 morgontimane i dag. Vegen vil truleg vere stengt til i morgon.

Ras i Gloppen, ommedal

STEIN: Mykje stein har blitt drege ned med raset i Ommedalen.

Foto: Jan Martin Aasen

– Det er ikkje første gong eg opplever noko slikt. Eg har no vore ute om hausten på vestlandet før, seier jan Martin Aasen.

Han opplevde gjørmeraset ved Ommedalsvatnet i Gloppen på nært hald kring klokka åtte i dag tidleg.

Når NRK snakkar med Aasen i 16-tida sit han framleis i traileren sin og ventar på at Vegvesenet skal få rydda nok til at han får sleppe igjennom.

Dei store nedbørsmengdene har laga trøbbel i fylket i dag. Også i Luster var ein sjåfør minuttar frå å hamne i eit steinras. I Fortun i Luster vurderer kommunen å evakuere ein familie etter ein stor stein kom ned mot huset dei bur i.

Rygga seg ut av raset

– Eg hadde vore oppe og levert kraftfor til ein kunde i Ommedalen. På veg oppover i dalen var der nokre småras og slikt. Eg gjorde meg ferdig med jobben, og på veg ned igjen kom eg til der raset er no. Då eg såg eg ikkje kom forbi eit nytt ras som var komme byrja eg å rygge bak. Då kom resten av raset ned rett framfor meg, fortel Jan Martin Aasen.

Raset var rundt 50 meter breitt og tre meter høgt, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen, til Firda som først melde om saka.

Aasen vaks opp i området, og let seg ikkje skremme av opplevinga.

– Folk her tek dette ned eit smil. Vi er vande med å bu i tronge dalar, seier han.

Ras i Ommedal, Gloppen 16

RAS: Det var gjørme, stein og sørpe i raset i Ommedalen i Gloppen kommune.

Foto: Jan Martin Aasen / Privat

Blir ikkje sett inn ekstra beredskap

Ordførar i Gloppen kommune, Leidulf Gloppestad fortel at dei ikkje har sett inn ekstra beredskap i samband med at 60 menneske er innestengde i bygdene Ommedal, Gjengedal og Rønnekleiv.

– Heimesjukepleia har kontroll på dei vi skal passe på som er innestengde, og om det ikkje er behov for noko ekstra så har vi ikkje enda sett nokon grunn til å sette inn ekstra beredskap, seier ordføraren.

Gloppestad fortel at dei vil sjå an situasjonen i morgon, men at dei enn så lenge ikkje blir nødvendig å sette inn ekstra krefter.

– Det siste vi har høyrt er at Vegvesenet nok ikkje vil opne vegen i kveld, men om regnet minskar vil dei opne i morgon, fortel han.