Hopp til innhold

Radon stengjer soverom i barnehage

Funn av store mengder av den kreftframkallande gassen radon i Stongfjorden barnehage gjer at barnehagen no har måtte stengje av eit soverom som har blitt brukt av dei yngste borna.

Stongfjorden skule og barnehage

HAR STENGT SOVEROM: Eit av soveromma på Stongfjorden barnehage er no avstengt på grunn av for høge førekomstar av radongass.

Bygg- og eigedomssjef i Askvoll kommune, Helge Follevåg, seier dei tek funna på alvor.

– Det er ikkje ønskjeleg på nokon måte at det er førekomstar av radon på nokon plass, uavhengig av om det er ungar eller eldre folk som er der.

– Dette tek vi alvorleg, seier Follevåg til NRK.no.

Strenge krav

Radon er ein naturleg radioaktiv edelgass utan farge, lukt eller smak. Ifølgje Statens strålevern bør konsentrasjonen av radongass innomhus vere så låg som mogleg.

Dersom det vert målt meir enn 110 becquerel per kubikkmeter, skal det setjast i verk tiltak. Uansett skal radonnivåa alltid vere lågare enn maksimumsgrensa på 200.

For mykje radon på soverom

I slutten av 2011 vart det gjennomført målingar som viste at førekomsten av radon på eitt av romma i Stongfjorden barnehage låg noko over grensa som er tilrådd av Statens strålevern.

Ei ny måling frå mars til mai i år viste at førekomsten av radon no er tre gonger over nivået som vert rekna som grense for å iverksetje tiltak.

Rommet det gjeld har blitt brukt av dei minste borna då dei har teke føremiddagskvilen sin. Etter funna har Askvoll kommune gjort umiddelbare tiltak.

– Rommet er no avstengt og det vil ikkje bli teke i bruk så lenge det er for høge førekomstar der.

– Vi tek eit ansvar og skal setje i stand rommet slik at vi får det på stell igjen, seier bygg- og eigedomssjefen.

Lovar å ordne opp

Ei ny forskrift pålegg alle kommunar om å måle radonnivået i barnehagar og skular.

Dersom nivået er for høgt, skal det vere utbetra innan 1. januar 2014. Follevåg seier dei skal klare å rydde opp i god tid innan den fristen.

– Vi er heldige og har berre eit rom som er over grenseverdiane. Det skal vi klare å setje i stand i god tid, seier Follevåg.

– Ingen grunn til å slå full alarm

Radon i inneluft er årsak til høvesvis fem til 15 prosent av alle tilfelle av lungekreft.

Dagleg leiar ved Radonlab, Aleksandar Birovljev, understrekar at sjølv om målingane i Stongfjorden syner høge førekomstar av radon, så er det ingen grunn til å slå full alarm.

– Det er for tidleg å avgjere no. Dette er førstegongsmålingar gjort med sporfilmar. Det som trengst er fase to-målingar med digitale/elektroniske instrument, forklarar Birovljev.

– Først då vil vi vite om barnehagen har eit problem eller ikkje.

Vil gjere tiltak

I Askvoll har dei førebels ikkje planar om fase to-målingar, men Follevåg seier dei kjem til å iverksetje konkrete tiltak så raskt som råd, før dei gjer nye målingar.

– Vi har stengt av rommet, så må vi gjere tiltak som får oss under grenseverdiane som er tillatne, seier bygg- og eigedomssjefen.