Hopp til innhold

Rår småkommunar til å tenkje samarbeid om barnevernet

Då rådmann i Balestrand, Kjellaug Brekkhus, tok til i jobben, herska det reine kaoset i barnevernet i kommunen. Ho er glad kommunen no er med i eit samarbeid, og rår andre småkommunar til å tenkje seg om.

Balestrand

HAR RYDDA: Balestrand kommune har no fått orden i barnevernssakene sine.

Foto: Cosmin Cosma/Sara Johannessen / NRK/Scanpix

– Det er verkeleg opprørande at småkommunar sit og putlar på for seg sjølv med desse alvorlege og kompliserte sakene, seier Brekkhus til Bergens Tidende.

Ho oppmodar politikarane i små kommunar om å tenkje seg grundig om dersom dei står åleine med ansvaret for barnevernet.

– Utfrå våre erfaringar trur eg at eit grundig tilsyn ville avdekka mange kritikkverdige forhold. Eg trur at ein mange stader unnlet å setje inn tiltak, eller ventar med tiltak, i frykt for auka utgifter, eller at rykte spreier seg i små samfun, seier Brekkhus.

Vart sjokkert over stoda

Som fersk rådmann i 2011 vart ho sjokkert over møtet med barnevernet i kommunen sin, og kallar det uprofesjonelt.

Den gongen klarte ikkje Balestrand å halde fristane i ei einaste ei av dei nye sakene som kom inn dette året.

Mellom anna mangla ein fagfolk, og dermed vart andre utan kompetanse sette til sakshandsaming.

– Vikarane som kom inn og behandla sakene var ikkje fagleg kvalifiserte, dei kunne drøfte teiepliktige ting med uvedkommande i kommunen, kjennskap og vennskap var ein faktor i vurderingane som vart gjort, ingen hadde oversyn eller styring med arbeidet, seier Brekkhus til Bergens Tidende.

Er ein vinn-vinn-situasjon

I dag har kommunen funne ei løysing, og dei har aktivt teke tak i gamle synder. Rådmannen meiner ein av hovudårsakene til at kommunen no har fått kontroll på barnevernet sitt, er at dei i september 2011 slutta seg til Sogn Barnevern.

– Vi brukar meir på barnevern enn tidlegare, men eg trur vi ville brukt minst like mykje dersom vi framleis stod åleine. Så for oss er det ein vinn-vinn-situasjon der vi er komne ajour og får langt høgare kvalitet på tenesta, seier Brekkhus.