Hopp til innhold

Bortførte eigne born - får bot

Ei kvinne i 40-åra må betale 12.000 kroner i bot for å ha bortført sine eigne born.

Kvinna nekta å møte, og nekta også å ha forsvarar, då saka starta i Sogn tingrett i byrjinga av juli.

Ifølgje tiltalen skulle kvinna ha unndrege borna sine barnevernets omsorg etter eit vedtak fatta i fylkesnemnda.

– Det er ei alvorleg sak, sa aktor Ragnhild Gram Skår då saka var oppe.

Heldt borna vekke frå skule

No er kvinna dømd til 12.000 kroner i bot for å ha bortført borna sine som då var i byrjinga av tenåra.

Saka har ei lang og dramatisk forhistorie, som mellom anna involverer drap på eit familiemedlem.

Kvinna samarbeidde med barnevernet om omsorga for borna, men dette tok etterkvart slutt og kvinna heldt borna vekke frå skulen. Som følgje av dette vart kvinna dømd til å betale 6.000 kroner i bot for brot på opplæringslova.

Flytta rundt

Same året konkluderte fylkesnemnda med at borna skulle plasserast i fosterheim. Vedtaket vart gjort kjent over telefon, men før det vart iverksett tok kvinna med seg borna og reiste til ein annan stad i landet. Dette vart meldt politiet i 2009.

Dei neste sju månadane leika kvinna katt og mus med politiet til ho vart pågripen på Austlandet for to år sidan.

Ho flytta til andre stadar i landet, men også til utlandet, for å unngå pågriping.

Tvilen kom til gode

Etter pågripinga i 2010 vart borna plassert hos barnevernet, men rømde kort tid seinare. Retten fann det bevist at kvinna holdt seg sjølv og borna skjult, sjølv om ho var klar over fylkesnemnda sitt vedtakt om at barnevernet skulle overta omsorga for borna.

Strafferamma i saka er fengsel i tre år, men under formildande omstende kan det reagerast med bøter.

Utan informasjon om korleis borna har det i dag, kunne ikkje retten slå fast kva grad dei har teke skade av bortføringa.

Sjølv om bortføringa truleg har vore negativ for borna, lot retten tvilen kome tiltalte til gode. Det vart også lagt betydleg vekt på at både omsorgssvikta og bortføringa kan skuldast ei psykisk liding.