– Det er ei alvorleg sak. Kvinna er tiltalt for å ha unndrege borna sine barnevernets omsorg etter eit vedtak som vart fatta i fylkesnemnda. Slik sett er det alvorleg, seier aktor Ragnhild Gram Skår.
I retten kom det fram i dag at kvinna skulle ha kidnappa sine eigne born hausten 2009. Borna var då i byrjinga av tenåra. Etter at kvinna flytta til Sogn, fekk barnevernet ei uromelding frå ein annan kant av landet.
Det synte seg at dei to borna i mange år hadde vorte nekta skulegang. Kvinna er også bøtelagd for dette tidlegare.
Heller ikkje i Sogn fekk sonen og dottera lov av mora å gå på skule, fortalde eitt av vitna i saka. Den barnevernstilsette skildra ein lang kamp for å få mora til å forstå verdien av å la ungane gå på skule.
Fann kvinna gjennom e-post
Då barnevernet til slutt fatta vedtak om å ta frå kvinna omsorga for borna, forsvann ho frå Sogn. Politiet vart kopla inn, og etter fleire månader der ho flytta seg frå plass til plass både i Norge og Sverige, klarte dei å lokalisere ho til ei leilegheit i Drammen.
Politiet overvaka mobilen og bankkontoen hennar, men det var til slutt internettadrerssa hennar som sette dei på sporet.
Politioverbetjent Rita Skjeldestad fortalde i retten at ekspertar klarte å finne ut kvar kvinna var via epostar som ho mellom anna hadde sendt til barnevernet i Sogndal.
Kvinna vart pågripen i Drammen i 2010 etter at politiet hadde spora ho via Internett.
– I kva grad ser påtalemyndigheita alvorleg på dette at borna ikkje har fått den skulegongen som born skal ha?
– Eg vil ikkje uttale meg så mykje om det for det høyrer ikkje til under vår sak. Vår sak dreier seg om unndragelsen frå barnevernet, seier Skår.
Valde å ikkje ha forsvarar
Kvinna valde i dag å ikkje møte i retten, og hevda å ha sendt ei sjukemelding. Kvinna har også valt å ikkje ha forsvarar.
– Det er synd at tiltalte ikkje møtte på den måten at tiltalte då ikkje får lagt fram si forklaring. På den andre sida har påtalemyndigheita høve til å fremje saka etter straffeprosesslova sin paragraf 281, sjølv om tiltalte ikkje møter, seier Skår.
Ho legg til at den tiltalte kvinna også er informert om at saka kan gå utan henne til stades.
Orsakar at det har teke tid
– Det har vi fått gjort i dag, seier Skår.
Ho la i prosedyren sin vekt på at det tok svært lang tid frå saka vart meld til at det vart fatta ei avgjerd om førelegg.
– Eg vil beklage at det tok for lang tid, seier Skår.
Kvinna hadde i dag ingen forsvarar og det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakta med den tiltalte.
Kvinna hevda ovanfor rett at ho skulle levere ei sjukemelding for rettssaka. Konstituert sorenskrivar og dommarfullmektig, Lars Varden, valde å gjennomføre rettssaka.
– Det er uansett svært strenge krav til ei slik sjukemelding for ei slik sak, sa Varden i rettssal 1 i Sogn tingrett.