Hopp til innhold

Publikum løyste innbrotsbølgje for politiet

Austeuropearane endevende hus og stal verdiar for ein halv million kroner i Vestland. Så fekk politiet tipsa som oppklara innbrotsbølgja.

Ein av åstadane innbrotstjuvane slo til mot.

LIK MODUS: Mennene knuste vindauge eller dører med stein, lét vindauge og dører stå opne og stal mykje same gjenstandar. Biletet er frå eitt av husa som mennene tok seg inni.

Foto: Politiet

– Vi stod eigentleg heilt utan spor, vedgår etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal.

Vart stoppa

I 11 aktive dagar leika dei tre austeuropearane katt og mus med politiet.

Då innbrotsbølgja vart oppklara, hadde mennene teke seg inn i 12 hus og mislukka med ytterlegare fire innbrot. I tillegg stod dei for fire tjuveri.

Mennene fekk med seg verdiar for ein halv million kroner, og gjorde skade for nær 280.000 kroner.

Banden var nær å bli avslørt då dei etter eit raid i bergensområdet vart stoppa i Lavik.

– Politiet hadde på dette tidspunktet ikkje heimel til å ransake bagasjerommet på den aktuelle bilen, seier Vårdal.

Var på veg ut av landet

Stine Mari Vårdal

AVGJERANDE: – Dei var ein dag her, og ein dag der. Dei bevegde seg i så store område at ikkje var lett å fange dei, seier Stine Mari Vårdal.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Mennene fekk køyre vidare, men det vart slutt på innbrotsbølgja. I staden forsvann det gjenstandar frå ulike eigedomar. Nokre dagar seinare reiste to av mennene frå landet. Begge er etterlyst nasjonalt.

Sistemann, ein austeuropear busett i Sogn, vart pågripen 12. mars i Indre Arna . Han var då på veg ut av landet .

Publikumstips vart avgjerande for politiet.

– Vi fekk tips om delar av registreringsnummer, og skildring av bil og personar. Ein tipsar fekk rare forklaringar på kvifor mennene var i det aktuelle område, seier Vårdal.

Oppklara

No er ein mann i 20-åra dømd til fengsel i fire år. Han erkjende å ha køyrt rundt på to dei to etterlyste mennene, men nekta for å ha kjennskap til innbrota.

Gjennomgang av telefonen hans gav politiet sterke indikasjonar på noko anna.

Etter at han vart arbeidsledig meiner politiet at mannen, saman med ein innsett i heimlandet, planla både smugling av narkotika og innbrot i Vestland som alternativ inntektskjelde.

– I Bergen vet jeg om noen kåker som faen meg milliardærer bor kuleste kåker men de har sikkert alarm alle sammen burde faen meg gå for altså til det må noen kunne hvordan man fjernar alarm, skreiv han mellom anna.

Starta med det same

Her slo innbrotstjuvane til.

MOBILE: Frå basen i Sogn slo mennene til fleire stadar i løpet mellom 26. februar og 8. mars i fjor.

Foto: Illustrasjon / Politiet

Dei to vart samde om at mannen skulle huse og køyre rundt på to menn. Desse kom til Noreg 25. februar. Dagen etter køyrde trioen gjennom bomringen i Førde. Frå ein bustad forsvann ringar, smykke, øyredobbar og bunadssølv.

Deretter gjekk det slag i slag vekselvis nord og sør for Sognefjorden.

Retten fann at innbrota var gjennomførte på ein planmessig og profesjonell måte.

– Dei har flytta seg over større geografisk område frå eine dagen til den andre. Dei har handla raskt og i liten grad etterlate seg spor, skriv lagmannsretten.

Smykkeskrin i grøfta

Overvakingsbilete innbrot.

HERJA: Desse to vart filma av eit overvakingskamera, men kom seg ut av Noreg før politiet avslørte dei. Mannen som køyrde på dei vart pågripen i bergensområdet.

Foto: Politiet

Politiet har funne att noko av tjuvegodset, men mesteparten er truleg sendt ut av landet. I Hyllestad vart eit smykkeskrin stole i Florø funne att i grøftekanten. Politiet fann også tjuvegods heime hos austeuropearen i 20-åra.

Retten dømde mannen for mobil vinningskriminalitet, noko som skjerpar straffa. Mannen heldt seg i nærleiken og venta på beskjedar om å hente dei to som utførte innbrota.

Utan tips frå publikum kunne fort ingen bli stilt til ansvar for innbrota.

– Innbrota blir gjort på tidspunkt det ikkje er så lett å oppdage, og ting blir ofte oppdaga i etterkant. Då er politiet allereie på hælane i etterforskinga, seier ho.