Hopp til innhold

Promillemistenkt vogntogsjåfør stakk av frå kontroll

Mannskap frå Statens vegvesen måtte laurdag legge seg på hjul etter eit vogntog på E16 i Lærdal. No er sjåføren mistenkt for promillekøyring.

Skilt til kontroll for tunge køyretøy

OFTE KONTROLL: Statens vegvesen har ofte kontrollar på Håbakken i Lærdalsdalen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi rykte ut med ein patrulje etter melding frå Statens vegvesen, opplyser politiet til NRK laurdag ettermiddag.

Opptrinnet skjedde på kontrollstasjonen på E16 ved Håbakken, der det nærast dagleg er kontroll av tungbiltrafikken mellom Austlandet og Vestlandet.

Politiet fekk melding om hendinga litt etter klokka 12. Då hadde personell frå Statens vegvesen klart å stogge vogntogsjåføren.

– Dei fatta mistanke om promillekøyring, og vi rykte du ut til staden, opplyser politiet.

Den utanlandske sjåføren i det norske vogntoget måtte blåse i politiet sitt alkometer, og no er sjåføren teken med til blodprøvetaking.