Hopp til innhold

Professor fekk kritikk etter vits om tyskarar

Universitetet i Bergen beklaga på vegner av professoren etter han hadde krenka ein tysk student med ein vits. No er kunnskapsministeren uroa for utviklinga.

Svein Larsen, professor ved Uib, står i trapp og ser opp mot fotograf.

FEKK KLAGE: Universitetet beklaga til ein tysk student på vegner av psykologiprofessor ved UiB, Svein Larsen, etter at professoren kom med ein vits om tyskarar.

Foto: Silje Katrine Robinson / Khrono

Hendinga skjedde under ei førelesing august i fjor, skriv Khrono.

Psykologiprofessor Svein Larsen skal ha omtala forskingsprosjektet sitt om turisme. Her kom fram at 90 prosent av dei spurde tyskarane ikkje såg på seg sjølve som typiske turistar i Noreg.

I salen sat ein tysk student, som også svara at han ikkje såg på seg sjølv som typisk turist når han ferierer.

Ifølgje studenten skal Larsen ha sagt:

«They (Germans) were here before, and now they sneak back in»

Fleire av medstudentane skal ha ledd av dette.

Den tyske studenten kjende seg brydd av dette og klaga Larsen inn via «Sei ifrå»- ordninga ved universitetet.

– Eg likar å provosere

Fem dagar etter klaga vart sendt, gjekk leiinga ut og beklaga hendinga. Dei beklaga også på vegner av Larsen.

Leiar for instituttet for samfunnspsykologi ved universitetet, Anette Harris, seier til avisa at ho kjenner seg pliktig til å beklage, men trur ikkje at Larsen meinte vondt med kommentaren.

Larsen har blitt oppmoda om å avstå slike ytringar i framtida. Han seier han ikkje meinte å krenke nokon, men at han «som vitskapeleg» tilsett ikkje finn seg i at leiinga skal bestemme kva han kan seie i førelesingane sine.

– Eg har opplevd at studentar blir fornærma, og at dei reagerer på ting eg seier. Eg likar å provosere litt, seier Larsen til Khrono.

NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Larsen.

psykologibygget, det psykologiske fakultet, universitetet i bergen

PSYKOLOGIBYGGET: Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Foto: Ingunn Voster / UiB

Kunnskapsministeren er uroa

Hendinga har ført til ein debatt om ytringsfridom og kvar grensa for kva ein førelesar kan seie går.

I ein e-post til NRK skriv kunnskapsminister for høgare utdanning Henrik Asheim, at er uroleg for utviklinga.

– Eg må naturlegvis ta atterhald om at historia er slik den er gjeve att. Men meir generelt er eg veldig uroleg for ei utvikling der ei kvar uttale som blir opplevd som støtande av enkeltmenneske skal slåast ned på og dermed stansast, skriv Asheim.

Vidare skriv han at universiteta har eit særleg ansvar for å utfordre tankar og idear.

– Det er mykje vi kan løyse ved å snakke saman. Vi kan ikkje møte kvarandre med reglar og forbod kvar gang vi er ueinige. Og særleg på eit universitetet er det viktig at ein utfordrar tankane og ideane til kvarandre, sjølv om det betyr at nokon kan bli støtt av det. Det er slik verda går framover, skriv han.

Stortingsrepresentant Peter Christian Frølich skal no ta saka opp med regjeringa. Han lurer på kor streng diskrimineringslova skal tolkast, skriv Nettavisen.

– Uheldig i seg sjølv når student er krenka

Dekan Bente Wold ved Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen, seier at dei ikkje har vurdert kor grensa går i denne saka.

– Her er det ein student som har opplevd seg krenka, og det er uheldig i seg sjølv. Det er studenten som er den sårbare parten, og vi må sørge for at studentane har eit trygt arbeids- og studiemiljø, seier Wold.

Vidare seier ho no trur det blir ein diskusjon framover kva for reaksjonar ein kan komme med i slike krenke-saker.

Ho er òg samd med kunnskapsministeren i frykta for utviklinga, men held fast på at det var riktig å beklage til studenten.

– Eg har ikkje noko problem med å vere einig med Asheim. Men hovudpoenget er at studentane skal føle seg trygge. Er dei ikkje det, må vi ta det opp, seier ho.