Dei nye frimerka utan prislapp er eit tilbod til dei som skal senda brevpost innanlands.
Forutsetjinga for å bruka frimerket er at brevet IKKJE veg meir enn 20 gram. Du kjøper enkelt og greit eit frimerke utan pris og klistrar det på.
Fordelen med det nye frimerket er at det ikkje går ut på dato. Har du først kjøpt frimerket til gjeldande porto er det gyldig sjølv om portoen skulle stige FØR du får bruka det.
Den nye frimerketypen er allereie prøvd ut i Sverige og Danmark og no håpar Posten at det vil ta av i Noreg óg.
- Begge desse landa har svært god erfaring med denne type frimerke, fortel Unn Sara Gerhardsen, som er distriktssjef for postkontora i Bergen.