Hopp til innhold

Stor mangel på bustadtomter

Det er stor mangel på bustadtomter i Førde. No bremser vegplanar og arkeologiske funn vidare utviding av byen kraftig.

Vie og Vieåsen frå Hafstadfjellet

MANGEL PÅ TOMTER: Det er ikkje lett å få bygd seg ein einebustad i Førde i dag. Mykje areal som ligg sentrumsnært, er landbruksareal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Utbyggar Per Stølsvik er oppgitt over at dei har fått forbod for utbygging av 150 nye bustader.

– Vi er litt frustrerte, for dette er ein prosess som har pågått i mange år. Det er jo 150 bueiningar som er godkjende der og det er blanding av einebustader og rekkjehus. Vi har også brukt mykje energi på å tilretteleggje for bustadar for ungdom.

Prosjektet til Stølsvik er berre eitt av dei som kan gi nye etterlengta bustadtomter i sentrum av Førde. Men både vegplanar, arkeologiske funn er med å bremse utbygginga. For Stølsvik sitt prosjekt er det innført mellombels byggjestopp på grunn av planane om ny europaveg gjennom Førde.

Stort behov

Pål Anders Kårstad jobbar tett på eigedomsmarknaden i Førde som dagleg leiar for eigedomsavdelinga til Sparebanken Sogn og Fjordane. Han seier behovet for sentrumsnære tomter i Førde er stort.

– Dersom vi ser på einebustadtomter, er det klart ein stor etterspurnad. Sentralt i Førde er det ingen bustadtomter for sal, seier han.

– Går kommunen glipp av nye innbyggjarar?

– Eg snakkar kvar veke med folk som skal flytte tilbake. Det er mange som flytta innanfor Førde, men det er også mange som vil flytte hit.

Ber om avklaring snarast

Utbyggar Stølsvik meiner kommunen bør legge betre til rette for dei som ønskjer å byggje sine eigne hus i sentrum av Førde. Han ber kommunen avklare deira bustadfelt med 100 tomter snarast.

– Vi var lova ei avklaring i september. No er vi forbi der. Vi håper at vi i løpet av næraste vekene vil få ei avklaring. Marknaden er iallefall der.

På eigedomsavdelinga til Sparebanken Sogn og Fjordane meiner dei at kommunen bør lage seg ein plan for å gjere noko med tomtemangelen i sentrum.

– Politikarane må først og fremst lage ein plan. Ser vi her i Førde, er det mykje areal. Men det er mange omsyn å ta og byutvikling krev at enkelte område må omregulerast.

– Må utanfor eller opp i høgda

Varaordførar i Førde, Jan Thaule, seier det er viktig å prioritera ting i rett rekkjefølgje, sjølv om det ikkje er ein ønskesituasjon dei er i no. Men å gjere sentrumsnære bøar om til bustadareal trur Thaule blir veldig vanskeleg.

– Eg trur vi skal vere realistiske i forhold til å få einebustader nær sentrum. Eg trur ikkje vi får lov av landbruksmyndigheitene til det.

– Skal ein ha einebustader, må ein eventuelt opp i høgda eller litt lengre ut frå sentrum. Eg trur det er urealistisk med einebustadar på Hafstadflata, seier han.