Sel stadig hus langt over takst

Det er ikkje uvanleg at einebustadar vert selde fleire hundre tusen kroner over takst i dei største tettstadane i fylket.

Førde sett frå Slåttebakkane

OVER TAKST: I den største byen i fylket er det vanleg å selje bustader over takst. Berre sidan i sommar har fleire einebustader blitt selt fleire hundre tusen kroner over takst.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Der konkurransen om einebustadane er størst er det ikkje uvanleg at folk grev både djupt og djupare i lommeboka for å få det huset dei vil.

Fleire eigedomsmeklarar NRK har snakka med seier det er langt frå uvanleg at einebustader på stadar som Førde, Florø, Sogndal og Stryn går langt over takst.

– Ser ein på det siste året til dømes, har det vore meir vanleg at ting går over takst, seier eigedomsmeklar Kjartan Aarnes i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Også i Garanti Eigedomsmekling har dei same inntrykket.

– Dei siste åra har det nok vore meir vanleg at bustadane vert selde over takst enn på og under takst, seier Raymond Sandøy som er fagansvarleg i Garanti Eigedomsmekling.

Så djupt grev huskjøparane

Sogndal sentrum

PRESSOMRÅDE: Sogndal vert rekna som eit pressområde der eigedomsmeklarane ofte sel bustader over takst.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Florø

PRESSOMRÅDE: Også Florø vert rekna som eit pressområde, det etterspurnad etter einebustader er høgare enn tilbodet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

NRK fortalde i går korleis Førde kommune betalte 700 000 kroner over takst for ein einebustad i Førde. Men også private er villige til å gå langt for å få draumehuset. Spesielt på einebustader ser eigedomsmeklarane at prisen ofte endar opp godt over takst.

Vi har fleire eksempel på at einebustadar i Førde har gått fleire hundre tusen kroner over takst. Mitt inntrykk er at folk betaler det dei meiner bustaden er verdt, seier Sandøy og får støtte av Aarnes.

– Etter sommaren har vi selt fleire hus i Førde til både 600,700 og 800 000 kroner over takst, seier Aarnes.

Einebustader er heitast på marknaden

Sandøy seier det er større sjanse for at einebustader går over takst enn leilegheiter. Dette fordi det er mykje fleire leilegheiter og rekkjehus på marknaden, enn einebustader.

– Ofte går det lenge mellom kvar gong det blir selt ein einebustad i eit område. Då kan det vere vanskeleg å taksere den. Samtidig kan det då vere folk som lenge har hatt lyst på ein einebustad i akkurat dette område, og då er dei villige til å betale, seier Sandøy.

Han fortel også om høge forventningar hos dei som skal selje huset sitt. Dei ser ofte på kva bustader i same område har gått for tidlegare, og dermed får det ein slags smitteeffekt når ein bustad i område har gått over takst.

(Artikkelen held fram under)

Bustadsstatistikk

OPP: Bustadstatistikken til FINN.no syner at det stadig vert dyrare å kjøpe bustad.

Foto: skjermdump på finn.no

Mindre vanleg i distrikta

Kjartan Aarnes

TAKST: Kjartan Aarnes i Sparebanken Sogn og Fjordane si eigedomsavdeling seier takstane har gått opp no i haust.

Foto: Vidar Gudavangen / NRK

Også eigedomsmeklarane i Sparebanken Sogn og Fjordane merkar seg at hus har blitt selt langt over takst i dei største pressområda i fylket.

Aarnes meiner utviklinga har vore god i heile fylket, men seier at prisane spesielt har blitt pressa opp i Førde, Florø, Sogndal og Stryn.

– I pressområda er gjerne etterspurnaden høgare enn tilbodet. Vi opplever at det er meir vanleg at bustadane går til takst i distrikta enn i dei store pressområda, seier Aarnes.

Ein kan ikkje sitje på gjerdet

Ein av dei som har måtte betale over takst for sitt nye hus er Trond Eiken i Sogndal. Då han kjøpte einebustad i sentrum måtte han betale 250 000 over takst, og seinare har han i tillegg brukt 100 000 kroner på oppussing.

Han vart ikkje overraska over at han måtte betale, og er heilt klar på at det var verdt å betale 3 950 000 kroner for sin nye heim.

– Viss ein finn noko ein har lyst på kan ein ikkje sitje på gjerdet. Det er ikkje mange einebustader med hage og utleige i sentrum av Sogndal, så difor slo vi til, seier Eiken.

No har takstane gått opp

Ifølgje Aarnes har takstane gått opp no i haust og litt nærare marknadsprisen. Etter ein vår der mange har greve djupt i lommeboka er dette ein naturleg konsekvens, fortel Aarnes.

– Takstane blir justerte i tråd med marknaden. I tillegg har ein no fått auka byggjekostnaden, noko som også gjer at takstane går opp, seier Aarnes.