Hopp til innhold

Kidnappa mann og køyrde rundt med han i bagasjerommet - no er mennene dømde

To menn i 20-åra frå Sunnfjord er dømde til fleire år i fengsel for kidnapping, ran og alvorlege trugslar mot fleire personar.

Førde sentrum sett frå Halbrendslia

DØMDE: To menn i Førde er dømde for grove lovbrot som kidnapping og ran.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Dei må til saman sone fire år i fengsel og betale oppreisningserstatning for over 200.000 kroner etter ei rekke alvorlege lovbrot i byen Førde i Vestland.

Fleire gongar har mennene truga personar med kniv for å røve til seg verdiar og narkotika.

I dommen er det lagt vekt på at mennene gjennom åtferda si i det som blir beskrive som eit «lukka narkotikamiljø», har framsett trugslar som var «eigna til å framkalle alvorleg frykt».

Mellom anna truga dei ein person med kniv og utøvde fysisk vald mot han, før dei kasta han inn i eit bagasjerom mot sin vilje og køyrde rundt i byen. Det skal ha vart i om lag 30 til 60 minutt.

Den fornærma mannen har forklart at han frykta for livet sitt i tida etter at han blei lagt i bagasjerommet.

– Etter rettens syn er det ikkje tvilsamt at slike hendingar fører med seg ein stor risiko for slike psykiske etterverknader som den fornærma forklarar at han har opplevd, står det i dommen frå Sogn og Fjordane tingrett.

Den eine mannen er tidlegare dømd for ei liknande sak.

Les også Vitne til kidnapping: – Var som ei filmscene frå ein mafiafilm

Gamle dokken på verftsområdet på Øyrane i Førde.

Braut seg inn i hus og stal

Ved eit anna høve skal mennene ha brote seg inn bustaden til ein anna person. Der truga dei med ein stor kjøkkenkniv og utøvde vald før dei stal fleire eigedelar.

Dei skal også ha brukt ei knust glasflaske til å truge personen med.

Lovbrota har skjedd i tidsrommet 2021 til 2023.

Den eine mannen er dømd til 2 år og seks månader i fengsel, medan den andre er dømd til 1 år og ti månader i fengsel.

Dei er dømde for grove trugslar, ran, tjuveri, brot på narkotikalova og kidnapping.

Betydeleg erstatningssum

Til saman må dei betale erstatning for over 200.000 kroner fordelt på fleire personar.

Mennene er og dømde til besøksforbod mot to personar.

Mannen som har den lengste fengselsdommen må også tole inndraging av over 33.000 kroner. Han får også inndroge ei rekke luksusklede frå merke som Louis Vuitton og Emporio Armani og fleire apple- og samsungprodukt som han ikkje har hatt inntekt til.