Hopp til innhold

Tiltalt lærar hevdar elevar hacka ho for nakenbilete – blir ikkje trudd av politiet

Den kvinnelege læraren seier ho ikkje sende nakenbilete og nakenvideoar til elevar, og meiner at ho blei hacka. Politiet meiner det er usannsynleg.

Kvinnelig lærer i retten

LÆRAR: Den tiltalte kvinna var læraren til gutane som skal ha fått bilete og videoar av henne naken.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Under rettssaka onsdag forklarte spesialetterforskar Rune Kenneth Bauge seg om aktiviteten på kvinna sin Snapchat-konto.

Funna kan slå beina under hennar forklaring om at telefonen må ha blitt hacka.

Spesialetterforskaren sa alt tydar på at det berre er kvinna sin telefon som har logga på Snapchat-kontoen, frå hennar eige nettverk heime.

Fann nakenvideo

Den kvinnelege læraren i 30-åra, skal ifølge tiltalen, ha sendt nakenvideoar og nakenbilete av seg sjølv på Snapchat til fire elevar på 13 og 14 år i 2021 og 2022.

På mobilen til kvinna har politiet funne skjermdumpar av samtalar på Snapchat, i tillegg til nakenbilete og nakenvideoar.

På to av gutane sine mobilar fann dei nakenvideo av kvinna.

Kvinna, som var lærar ved ein ungdomsskule i bergensområdet, er tiltalt for i ord eller handling å ha utvist seksuelt krenkande eller annan uanstendig åtferd overfor barn under 16 år.

Ho har nekta straffskuld.

Les også 13-åringer skal ha fått nakenvideoer fra kvinnelig lærer: – Folk trodde ikke på oss

Politiadvokat Eli Valheim

Hadde kontakt med gutane

I ein samtale lagt fram i retten, skriv kvinna med den eine guten. Han skriv:

«Kanskje du er gøy i senga og?»

Kvinna svarer:

«Det er jeg. men da må du være 30 år ++».

Kvinna har erkjent at ho godtok gutane som ven på Snapchat, men at ho ikkje starta samtalane eller sende bilete eller videoar.

Ho hevda dialogen til tider kunne vere seksualiserande frå gutane si side, og at ho svarte humoristisk for å ikkje virke dømmande.

Tiltalte har innrømma å ha selt seksualiserte bilete på Snapchat, men at ho bad om legitimasjon av dei ho selde til, for å forsikre at dei var over 18 år.

Ho meiner materialet kom på avvege og blei spreidd til elevane hennar.

– Eg har aldri sjølv delt desse filmane med dei fornærma, sa kvinna.

rettssal, læresaken
Foto: Oskar Rennedal / NRK

Ifølge tiltalen skal tiltalte ha prøvd å bestikke ein av gutane til å få karakteren seks, dersom han ikkje viste videoane til nokon.

Deretter skal ho ha trua med å sende personar etter eleven, dersom han viste videoane til andre.

Tok kontakt igjen etter tiltalen

Skjermdumpar viser at denne guten har tatt kontakt med kvinna i januar 2024.

Der vil han hjelpe ho i samband med rettssaka, sidan «ho er ei snill dame». Kvinna svarte han, men skreiv at dei ikkje kunne ha kontakt.

Ho skreiv dei kunne snakkast etter rettssaka.

Gut:Kan eg få deg på snap igjen? (rødmeemoji)
Lærar:Jeg kan ikke snakke med mer deg nå, beklager. Håper du forstår (rødmeemoji)
Gut:Du vet du kan stole på meg NAMN KVINNE
Lærar:(Latteremoji) du er morsom (rødmeemoji) du er jo redd meg siden jeg liksom har truet deg..... Men vi kan ikke ha mer kontakt. Du vet ikke hvor mye problemer jeg har ... (hjarteemoji)
Gut:Nei men jeg er den eneste som kan hjelpe deg i denne saken også (stort-smil-emoji)
Lærar:Ja fortell sannheten til din advokat (hjarteemoji) Men nå kan vi ikke ha mer kontakt (hjarteemoji) snakkes etter rettsaken (rødmeemoji)
Gut:Du vet jeg er den eneste som kan hjelpe deg, vi burde holde kontakt
Gut:Så hva seier du?
Gut:Ingen kontakt eller kontakt så kan jeg hjelpe deg
Lærar:Det er klart jeg vil du skal hjelpe meg med å si sannheten. Men jeg kan ikke ha noe kontakt med deg pga saken vi har nå. Men om du kan si sannheten til advokatene så vil d hjelpe meg (hjarteemoji)
Lærar:Du kan hjelpe meg med å fortelle sannheten. (hjarteemoji)
Gut:Hva får eg utav det? (stort-smil-emoji)
Gut:For og fortelle advokaten
Lærar:Hjelpe en uskyldig person (rødmeemoji)

Gut:Og... ? (stort-smil-emoji)
Lærar:Vi kan ikke snakke mer her (rødmeemoji) Setter pris på om du sier sannheten til din advokat (hjarteemoji)

Les også Tiltalt kvinnelig lærer slo tilbake mot elever: – De tafset og slo meg på rumpen

Tiltalt kvinnelig lærer i rettssal

Trur ikkje på hacking

Søster til tiltalte støttar kvinna i påstanden om at ho hadde fått hacka Snapchat-kontoen sin. Ho sa at i desember 2021 var ho til stades då tiltalte blei logga ut, og dei såg at Bitmojien flytta seg på kartet på Snapchat.

– Eg såg den var ein anna stad, og så flytta den seg til der me var, sa søstera.

Spesialetterforskar Bauge sa i retten at dei meiner at det ikkje har vore andre pålogga på kontoen til tiltalte i den aktuelle tidsperioden.

Dei finn ikkje i loggen og historikken til Snapchaten til kvinna at ho har blitt avlogga, noko som ville skjedd dersom andre logga seg på kontoen hennar.

At kvinna hevdar at stadsposisjonen til Bitmojien på Snapchat-kartet blei endra, meiner etterforskaren ikkje stemmer.

Etterforskaren meiner det var kvinna som hadde logga seg inn på sin eigen mobil. Dette fordi IP-adressa som var logga inn er knytt til heimenettverket hennar.

Flytta heim til foreldra

I romjula 2021 fekk søstera vite at elevar hadde vore heime hjå tiltalte, og at den eine skulle debutere seksuelt og ville lære.

Søstera sa til tiltalte at ho måtte slette det som hadde med seksuell kontakt å gjere med gutane, og at dei måtte kutte kontakt.

– Eg diskuterte om at dette må du slette, at dette er ikkje greitt, og at det var rart at var heime hjå ho. Eg nemnde at ein måtte involvere foreldre.

Søstera visste at tiltalte hadde sendt nakenbilete til nokon ho hadde halde på med tidlegare.

Ho fortalde også at tiltalte skal ha sagt at gutar dreiv med ring-og-spring og oppsøkte tiltalte.

– Eg veit dei var veldig pågåande i ein periode, og at ho flytta heim til foreldra, sa søstera.

Saka held fram ein ekstra dag i Hordaland tingrett neste veke.