Hopp til innhold

Populære blandingshundar med «trippelpels» skaper floke for frisørane

Nye populære blandingspudlar skaper ekstraarbeid for norske hundefrisørar. Årsak: Fleire av hundane får både dobbel- og trippelpels.

Muffins Kråkebolle

KONGELEGE DOODLAR: Kronprinsfamilien har i fleire år hatt puddelblandingar. Her er hundane Muffins Kråkebolle og Milly Kakao, som er eksempel på blandingshunden labradoodle.

Foto: Terje Pedersen

Labradoodle, goldendoodle, cockapoo og havapoo. Dei er alle namn på populære blandingshundar, og det finst mange fleire.

Felles er at puddel er innblanda, og at dei ikkje er godkjende rasar hjå Norsk kennel klub.

Mange av hundane blir omtala som røytefri og allergivennleg, men pelsen varierer enormt.

Nokre har vanleg hundepels, andre har puddelpels, og nokre får dobbel- eller trippelpels. Det vil seie pels frå alle rasane den er blanda med. Då kan det fort bli mykje tovar og flokar.

Eit raskt søk på Finn.no syner at puddelblandingane har ein prislapp på opptil 35.000 kroner. Noko som er godt over prisen på mange reinrasa hundar. Puddelblandingane er enormt populære.

Lang ventetid

Når pels-trøbbel oppstår, er det folk som Anne Katrin Bøyum som må steppe inn. Ho er hundefrisør i firmaet Leikanger hund.

– Eg har stor pågang. Neste ledige time er i mai, fortel Bøyum.

Ho ser mykje nye hundeeigarar og stadig fleire kjem med blandingsrasar.

– Det er ei særleg auke blandingshundar som krev ein del pelsstell, seier Bøyum.

Kjem dei seint, er det mykje flokar. Då må hunden berre barberast heilt inn til skinnet. For mange har kjøpt ein hund dei ikkje veit omfanget av pelsstellet på. Men det er ikkje nødvendigvis dårleg meint.

Anne Katrin Bøyum med hund.

VANSKELEG PELS: Hundefrisør Anne Katrin Bøyum får inn mange blandingshundar som er utfordrande å klippe. Her sit Bøyum med ein meir lettklipt reinrasa labrador retriever.

Foto: Inger Handegård

– Dårleg informasjon ved kjøp

– Dei har rett og slett ikkje fått informasjonen som krevst. Dessutan er det mange rare pelstypar, som også trente folk slit med å klippe, seier Bøyum.

Ho driv også oppdrett av reinrasa labrador retriever under kennelnamnet Irta. Nyleg fekk ho ein labradoodle på klippebordet. Den hadde både pelsen til ein labrador og puddelpels. Hunden både røyta og måtte klippast.

– Variasjonen er så enormt stor, og det er utfordrande, seier Bøyum.

Hundefrisøren synest det er vanskeleg å gi eit generelt råd til eigarar av blandingshundar. Nokre må klippast kvar 6. veke for å vere flokefri. Andre treng ikkje noko ekstra stell.

Labradoodle.

FLEECEPELS: Denne labradoodlen har ein pelstype som tover seg raskt. Om den ikkje blir klippa ofte, blir hunden full med dreads.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Tusenvis har blandingshund

I Noreg er det i dag rundt 565.000 hundar, ifølgje Dyre-ID. Dei samlar inn all informasjon om hundar som blir id-merka.

I 2020 blei det registrert 47.000 nye hundar i Noreg. I fjor var talet 57.000, ein auke på 20 prosent.

Rundt 60 prosent av desse er registrert hjå Norsk Kennel Klub (NKK). Dei resterande 40 prosentane er blandingshundar/rasehundar som ikkje er registrerte.

Blandingshundar som til dømes goldendoodle og cockapoo er ikkje godkjende rasar hjå NKK, og tilfredsstiller dermed ikkje kravet for å bli registrert der. Det finst derfor ikkje tal på kor mange hundar det er av dei ulike blandingane i Noreg.

Magne Hay.

STOR PÅGANG: Magne Hay ved Norges hundefrisørskole held fullbooka kurs.

Fulle kurs

Mange nye blandingshundeigarar viser også att i etterspurnaden frå folk som ønskjer å lære meir om pelsstell.

Den siste tida har det dukka opp Facebookgrupper som «pelsstell/klipp doodle». Her blir alt frå barbermaskiner, børstar og ulike pelstypar diskutert

På TikTok gjer hundefrisørar som @groomingbyhannah suksess med fleire hundre tusen følgarar.

Også hundeskulane har fulle kurs. Ved Norges hundefrisørskole i Horten har dei auka tilbodet årleg sidan oppstarten i 2018.

– Pågangen er stor. Første året hadde vi fire elevar. I fjor utvida vi til å køyre tre parallelle årskurs, fortel leiar Magne Hay som har elevar frå heile landet.

Hans beste tips er å børste blandingshundane mykje.

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at Labradoodle var godkjent som hunderase hos NKK. Dette stemmer ikkje. Artikkelen vart endra tilbake til originalen 30.03.22 kl 14.00.

Statistikk fra Dyre-ID 2021

1

blandingshund

10860

2

border collie

2352

3

staffordshire bull terrier

1396

4

engelsk setter

1375

5

golden retriever

1337

6

labrador retriever

1302

7

norsk elghund grå

1112

8

cocker spaniel

1016

9

dansk-svensk gårdshund

1005

10

schæferhund normalhår

1002

Kilde: Dyre-ID

Ekspander/minimer faktaboks

.