Hopp til innhold

Politisjef ut mot Senterpartiet: – Dei driv med svartmåling

Senterpartiet meiner politireforma til regjeringa har ført til sentralisering og eit dårlegare politi. No får dei kraftig motbør frå ein lokal politileiar som meiner dei er på ville vegar.

Arne Johannessen er politisjef i Sogn og Fjordane. Fotografert på kontoret i Sogndal 6. juli 2020.

KRITISK: Arne Johannessen er kritisk til måten Senterpartiet omtalar politireforma på.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Senterpartiet driv med ein direkte nedsnakking av politiet sin innsats og våre resultat her i Sogn og Fjordane, seier politisjef i Sogn og Fjordane Arne Johannessen.

Politireforma til regjeringa kom i 2015, og har mellom anna å redusere talet på lensmannskontor rundt om i landet kraftig.

Det skulle frigjere ressursar hos politiet til å vere ute blant folk.

Men Senterpartiet meiner at dette har slått heilt feil, og har peika ut politireformen som eitt av punkta dei ofte trekkjer fram når dei skal kritisere regjeringa.

Det irriterer politisjefen i Sogn og Fjordane.

Han er sjølv leiar for eit politidistrikt som har mista mange lensmannskontor, men han er sterkt usamd i at det er det same som at politiet har blitt dårlegare til å gjere jobben sin.

– Sanninga er at vi har lagt bak oss kanskje det beste året i historia når det gjeld utvikling av politiet. Vi har fått nye ressursar og vi oppnår svært gode resultat. Då kan ikkje alt vere så gale som Senterpartiet skal ha det til, seier politisjefen.

Jenny Klinge, Senterpartiet.

STÅR PÅ SITT: Jenny Klinge i Senterpartiet seier at Arne Johannessen kanskje har misforstått poenget med politireforma.

Foto: Senterpartiet

Ni nye stillingar og 19 nye politibilar

Som døme på det positive som har skjedd, nemner Johannessen mellom anna at politiet i Sogn og Fjordane har fått ni nye stillingar og 19 nye politibilar i løpet av 2020. Det er også igangsett bygging av tre nye politihus i området.

– Begge deler er meir enn nokon kan hugse at vi har fått før på eitt år.

Jenny Klinge er justispolitisk talsperson i Senterpartiet, og tek ikkje sjølvkritikk etter å ha høyrt politisjefen sin kritikk av partiet.

– Politisjefen i Sogn og Fjordane har si rolle, og det er naturleg for han å ville skryte av det arbeidet politiet gjer, seier Klinge.

Klinge og Senterpartiet vil rett og slett ikkje gå med på at dei svartmålar situasjonen, slik Johannessen seier.

– 120 lensmannskontor har forsvunne, og opningstidene har vorte dårlegare på dei attverande kontora. Det er jo det som betyr noko for folk, og ikkje at det blir bygd nye politihus, seier Klinge.

– Vi får meir tilstadevering

Politisjefen i Sogn og Fjordane meiner at biletet som Senterpartiet teiknar ikkje stemmer med røynda.

– Målet med politireformen er at politiet skal bli synlegare og vere meir til stades ute blant folk. Og det er jo det som skjer no, seier Johannessen.