Hopp til innhold

Politimeld for bråtebrenning

Ein mann i Vågsøy er politimeld for bråtebrenning både laurdag og søndag.

Bråtebrann i Vågsøy

SLØKTE: Brannmannskap, sivilforsvaret, Røde kors og ambulansepersonell måtte handtere bråtebrannen på Kvalheim. Mannen bak brannen er politimeld.

Foto: Bjarne Eldevik

- Vi har sendt ut fire brannkorps i løpet av to dagar og det er svært uvanleg, seier Bjørn Berntsen ved alarmsentralen.

Politimelde mann på Kvalheim

I løpet av helga har fire brannkorps måtte rykke ut til bråtebrannar som har kome ut av kontroll i Selje, Vågsøy og i Askvoll.

Søndag måtte også brannvesenet i Aurland rykke ut til ein brann som var ute av kontroll.

Ein person i Vågsøy vart søndag politimeld for ha drive bråtebrening utan å ha kontroll over situasjonen.

(artikkelen held fram under biletet)

Store område svidd av etter bråtebrann i Vågsøy

STORT: Store område svidd av etter bråtebrann i Vågsøy

Foto: NRK-tipsar

Kopla inn sivilforsvaret og ambulanse

- Det vil bli oppretta sak for uforsvarleg omgang med open eld, seier politiet.

Folk frå Røde kors og sivilforsvaret måtte også hjelpe til på brannen på Kvalheim og ein ambulanse vart sett i beredskap.

Laurdag var brannmannskap på plass i Vågsøy på Kvalheim for å sikre at bråtebrannen ikkje spreidde seg til omkringliggande hus. Søndag var dei på plass att til same område.

«Og ein skal hugse på at ein bråtebrann også kan få fatale konsekvensar. Liv kan gå tapt om det skulle verkeleg gå gale»

Bjørn Berntsen på alarmsentralen

- Uvanleg å politimelde

- Det er ikkje vanleg at nokon vert politimelde for bråtebrann, seier Berntsen.

Medan dei fire brannkorpa har vore i sving for å sikre brannområda, har beredskapen gått ned.

- Når vi må sende brannmannskap til bråtebrannar seier det seg sjølv at vi sit att med lågare beredskap enn vanleg. Om det skjer noko vil vi måtte sende ut andre folk som er lenger vekke og det kan få alvorlege konsekvensar, seier alarmvakta.

(artikkelen held fram under biletet)

Bråtebrann på Kvalheim i Vågsøy sett Fure på Stadlandet

RØYK: Bråtebrannen på Kvalheim i Vågsøy sett frå Fure på Stadlandet.

Foto: Joakim Stave

Kan setje andre i fare

- Kva er konsekvensane?

- At vi ikkje kjem tidsnok fram til andre situasjonar til dømes. Og ein skal hugse på at ein bråtebrann også kan få fatale konsekvensar. Liv kan gå tapt om det skulle verkeleg gå gale.

Berntsen meiner folk må vere bevisste på kva dei held på med, og ta kontakt med det lokale brannvesenet om dei skal drive med bråtebrenning.

Han seier folk som regle gjer det dei pleier å gjere,men at det er kommunane som styrer reglane for bråtebrenning.

Uvanleg tidleg med bråtebrann

- Ta kontatk med brannvesenet og få løyve frå dei. Men ein skal likevel hugse at det er kvar enkelt som sit med ansvaret til slutt.

At alarmsentralen har fått så mange telefonar om bråtebrannar i mars er også uvanleg.

- Vi får vanlegvis ikkje slike telefonar før i april, så dette er tidleg, seier Berntsen.