Hopp til innhold

Bål ute av kontroll kan bli dyrt

Er du blant dei som skal rydde i hagen og tenkte kvitte deg med avfallet ved å tenne opp eit lite bål? Då er det både ein og to ting du bør tenkje over først.

Bråtebrann

FORSIKTIG: Folk bør ta sine førehandsreglar for å hindre at bråtebrannar kjem ut av kontroll, oppmodar Alarmsentralen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Når snøen slepp taket og krokusane blomstrar er det mange som finn fram både spade og spann for å rydde litt i hagen. Andre igjen ser kanskje spora etter romjulsorkanen Dagmar, og i begge tilfella kan ei mogleg løysing for å bli kvitt avfallet vere å brenne det opp.

At det noe er storsesong for dette er også Alarmsentralen i Sogn og Fjordane klar over. Det er dei som får melding når det bryt ut brann, og 110-operatør Espen Rysjedal ber folk tenkje over kva ansvar dei har når dei skal gjere opp eld.

– Folk må hugse på at dei alltid skal hente inn løyve frå lokalt brannvesen når dei skal brenne alt frå hageavfall til bråtebrenning i tidsrommet 15. april til 15. september. I tillegg er det også greitt om folk melder frå til oss, seier Rysjedal.

– Hugs å be om lov

Det er kvar enkelt kommune som skal gje løyve til å gjere opp eld i eller i nærleiken av skogmark i perioden mellom 15. april og 15. september. I praksis betyr dette at folk må ta kontakt med det lokale brannvesenet for å innhente slik løyve.

Fleire kommunar har eigne reglar, som til dømes forbyr bålbrenning i tettbygd strøk, eller berre tillet brenning av enkelte typar avfall.

– Alt ned til ein eingongsgrill skal det søkjast om løyve til når det gjeld brenning i utmark, seier Rysjedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bål

IKKJE LOV: Til dømes i Førde er det forbod mot bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall i tettbygd strok.

Foto: Colourbox

Slik kan ein hindre unødige utrykkingar

Rysjedal seier vidare at det er viktig at dette blir gjort. 110-operatøren oppmodar også folk om å melde frå direkte til Alarmsentralen om at det skal gjerast opp eld og at det er innhenta løyve.

– Å melde frå til oss er enkelt. På våre heimesider, alarmsentralen.com finn folk eit skjema som heiter ”melding om brenning”, seier Rysjedal.

Ved å melde frå til Alarmsentralen om at det blir gjort opp eld, kan ein fort unngå unødige utrykkingar forklarar Rysjedal. Fleire gonger får dei melding frå folk som ser eld eller røyk i det fjerne og fryktar at det brenn ein plass det ikkje skal brenne.

– Vi kan oppleve at folk ringer til oss og seier at det brenn der og der, men så kan vi hindre at vi sender ut mannskap til det som er til dømes bråtebrenning dersom vi veit at det er nettopp det som går føre seg, seier han.

Dessverre kjem det også kvart år inn meldingar om bråtebrannar som kjem ut av kontroll.

– Det kan bli dyrt

For ei utrykking for brannvesenet er kostbar. Og det kanskje ikkje alle er klar over, er at det er dei sjølve som må betale dersom bålbrenninga går over styr.

– Skulle eit bål kome ut av kontroll og det blir behov for hjelp frå brannvesenet, må dei sjølve betale kostnaden for dette, seier Rysjedal.

Dette betyr fort kostnader på fleire tusen kroner, alt ettersom kor mange frå brannvesenet som er med frå utrykkinga og omfanget av brannen.

– Det er med andre ord fleire ting folk må vere klar over i forhold til dette med å gjere opp eld. Folk bør tenkje seg om, og vere klar over det ansvaret dei har i forhold til dette, oppmodar Rysjedal.