Hopp til innhold

Bråtebrenning førte til utrykning

Brannvesenet måtte rykke ut til ein bråtebrann laurdag føremiddag.

Bråtebrann i Vågsøy

BRANN: Brannvesenet måtte laurdag rykke ut til ein bråtebrann på Kvalheim i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik

- Det var ein gardbrukar på Kvalheim som gav oss beskjed om at bråtebrannen han arbeidde med var ute av kontroll, seier vakthavande på brannvakta, Bjørn Berntsen.

Det var rundt klokka ti laurdag føremiddag brannvesenet måtte reise ut til bonden

Bråtebrann i Vågsøy

KONTROLL: i Ellevetida laurdag føremiddag hadde brannvesenet fått kontroll på brannen.

Foto: Bjarne Eldevik

som sleit med at bråtebrannen spreidde seg.

- Brannen var ute av kontroll og det var hus i nærleiken som kunne bli råka, fortel Berntsen.

Like over elleve fekk han melding om at brannen var sløkt og at brannvesenet ikkje lenger trengte å vere på staden.

Ingen personar eller hus vart råka av brannen.