Hopp til innhold

Frykta kalde kyrkjer i jula – no kjem politikarane med krisemillionar

Høge straumprisar til trass, politikarane har sikra varme kyrkjebenkar i jula.

Stedje Kyrkje-13

HÅPAR PÅ MILD VINTER: Magny Ugulsvik Bukholm i Sogndal kyrkjelege fellesråd og kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

Det kunne blitt ei kald jul i kyrkja, særleg i områda med høge straumprisar.

Men politikarane meiner dei no har fått på plass julestemninga i norske kyrkjer. Regjeringa og stortingsfleirtalet har løyvd 30 millionar kroner i straumstøtte, etter at 30 kommunar varsla at dei ville senke temperaturen i kyrkjene for å spare pengar.

Men kva temperatur som ventar i januar er høgst uvisst.

I Stedje kyrkje i Sogndal er dei takksame for det dei får, men ber om ein mild vinter.

– Det er ein gledeleg nyheit, men vi ligg allereie 170 000 kroner over straumbudsjettet for 2022, seier Magny Ugulsvik Bukholm i Sogndal kyrkjelege fellesråd.

Dei driftar éi av dei 1034 kyrkjene som no får mellombels straumstøtte av regjeringa.
Men sidan tilskotsordninga nettopp er mellombels veit ho ikkje kva som ventar etter årsskiftet.

Måtte skru ned temperaturen

Fleire stader har ein allereie senka temperaturen i kyrkjene, slik som i Oslo der ein i haust sette ned temperaturen til 15 grader. Årsaka er straumprisane.

Dette har vore krevjande. Samstundes har vi stått saman om dette i heile Oslo, og vi har klart å sikre arbeidet i alle kyrkjene.

Det seier Kjell Haga som er kyrkjeverje i Oslo.

Kjetil Haga

Kjell Haga som er kyrkjeverje i Oslo.

Foto: Kathrine Nygård

Pengane frå staten for å sikre varme i jula kjem godt med.

– Dei er svært velkomne. Samstundes er støtta ikkje stor nok til å dekke alle meirkostnadane, seier Haga.

Dei har bestemt seg for å skru opp temperaturen i kyrkjene til 19 grader i jula.

Dermed kan vi sikre konsertar, barnehage- og skulebesøk, gudstenester og alt det fine som skjer rundt jul.

Men så vert temperaturen skrudd ned igjen, til 15 grader. Dei vurderer også å stenge nokre kyrkjer i januar, februar og mars.

Stedje Kyrkje-4

Organist Arild Slinde i Stedje kyrkje slepp å bruke vottar under julegudstenesta i år. Kor mykje kyrkja får i straumstøtte til neste år er førebels uvisst.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

Viktig med opne kyrkjer

Områda sør for Dovre og Sognefjorden er hardast råka av høge straumprisar.

I Sogndal er utgiftene allereie 170 000 kroner over dei totale straumutgiftene i fjor, og framleis står det att to kjølige månadar dette året.

Kjersti Toppe

Barne- og familieminister Kjersti Toppe lovar varme kyrkjer i jula.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

– Det er viktig at kyrkjene er opne i den tida vi no er i, og særskilt inn mot desember med adventstid og jule- og nyttårsfeiring, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Toppe seier dei har vore opptekne av at pengane skal kome raskt ut til kommunane.

– Kyrkjene skal vere der for folk, og det er også bakgrunnen for at vi har kome med denne mellombelse tilskotsordninga.

Stedje Kyrkje-19

I Stedje kyrkje har dei i haust opplevd at det enkelte gonger har vore kaldare inn i kyrkja enn ute.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

Håpar på støtte også neste år

I Sogn håpar dei på ein mild vinter, no prøver dei å samle fleire arrangement etter kvarandre på dagane der dei har varma opp kyrkja, for å utnytte varmen mest mogleg.

– Av og til er det kaldare inne i kyrkje enn ute når vi kjem, seier kyrkjetenar Jorunn Merete Haukås-Eide.

I Oslo håpar likevel kyrkjeverje Kjell Haga på straum-støtte også i 2023.

Vi jobbar for at Kyrkjene skal komme inn under statlege støtteordningar, som frivillighets-sektoren får.

Toppe seier ho er klar over problemet.

– Løyvinga no var svært etterlengta, men det er viktig for meg å understreke at det er langt frå nok seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.