– På dette området er Vær Varsom plakaten veldig klar. Redaktørar og journalistar må passe på sjølvstendet og unngå dobbeltroller eller andre bindingar som gjer at ein kan spekulere rundt habiliteten deira, seier generalsekretær for Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum.
Måndag publiserte Fjordingen fleire saker frå vegmøtet der vegvesenet presenterte sine planar for Strynefjellet. Ei av sakene vart skrive av høgrepolitikar Inge Fænn, som er tidlegare journalist og redaktør i avisa. Stavrum meiner blandinga av politikk og journalistikk er ugrei.
– Det å vere aktiv politikar og journalist er eit tilbakelagt stadium i norsk presse. Det er ein klar fordel for lesarane, som slepp å lure på om dei les journalistikk eller skjult politikk.
- Les også:
– Ikkje politisk møte
Etter mange år som journalist og redaktør i Fjordingen sit Fænn no i kommunestyret for Høgre i Stryn. På møtet i Geiranger intervjua han mellom andre stryneordførar og partifelle Sven Flo. Han ser ikkje noko problem med det.
– Det var ikkje eit politisk møte, det var framlegging av to rapportar. De lagar eit nummer ut av at eg snakka med ordføraren, men eg snakka med tre ordførarar og berre ein av dei var frå Høgre. Det å kombinere politikk og journalistikk er det mange som har gjort før meg, seier Fænn.
– Uproblematisk
Vegmøtet Fænn dekka for Fjordingen vart arrangert i regi av organisasjonen Gode Vegar AS. På møtet var ordførarane i kommunane rundt Strynefjellet, Stryn, Stranda og Skjåk. Trass kritikken frå journalistlaget og presseforbundet ser redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, på saka som uproblematisk.
– Det var ikkje eit politisk møte og han var ikkje der som politikar. Det er sjølvsagt uaktuelt for oss å nytte han til å skrive politiske saker om Stryn, men eg ser ikkje noko problem i denne saka. Det at han er politikar kan ikkje hindre han i å dekke samfunnsaktuelle spørsmål.
- Les også:
Flaten presiserer at han heilt klart meiner at Fjordingen skal vere uavhengig, men trur ikkje dette vil skade truverdet til avisa.
– Det er sikkert nokon som vil problematisere at han intervjuar ordføraren. Det er greitt og kunne sikkert vore ugjort. Avisa skal sjølvsagt vere uavhengig, men eg trur ikkje dette vil skade truverdet vår.
– Lesarane avgjer
Fylkesleiar for Norsk Journalistlag, Svein Rune Kjøllesdal, er samd med Stavrum i at det er uheldig når politikarar intervjuar partifellar.
– Det er fint at Flaten her seier at det ikkje er snakk om bindingar i denne saka, men til sjuande og sist er det opp til lesarane å bestemme om ein journalist er uavhengige. Det å vere lokalpolitikar gir ein slike bindingar i mange saker.