Hopp til innhold

Oppklarar meir enn før

Politimeisteren er godt nøgd med korleis folka hans har meistra den nye politikvardagen.

Politimeister Johan Brekke

NØGD SJEF: Politimeister Johan Brekke meiner at dei tilsette i politiet i fylket gjer ein god jobb.

Foto: Simon Solheim / NRK

Det siste året har vore prega av omorganisering og indre uro i politirekkjene i Sogn og Fjordane.

No syner statistikken at det trass alt går betre for lova si lange arm her i fylket. Stadig fleire saker finn si løysing.

Fleire narkosaker

– Me har ein høg oppklaringsprosent, faktisk høgare enn i fjor. Den er faktisk 15 prosent bedre enn snittet på landsbasis, seier politimeister Johan Brekke til NRK.

Han peikar og på at politidistriktet har ei sakshandsamingstid som er vesentleg betre enn i fjor, og at dei har vore flinkare på vegane.

– Vi har og avdekka fleire narkosaker, og valden har gått ned. Så samla sett så er det faktisk veldig bra, konkluderer Brekke.

Lite kriminalitet

I følgje halvårsrapporten til politiet var talet på narkokrim i Sogn og Fjordane det lågaste på 11 år.

– Kriminaliteten samla sett er svært låg i Sogn og Fjordane politidistrikt. Det er ein trygg plass å bu og leva, meiner politimeisteren.

Han forklarar årsaka til dei gode resultata mellom anna med flinke tilsette som gjer mykje godt politiarbeid og god dialog med publikum.