Hopp til innhold

Førebels punktum i dopopprullinga

Fengsel på vilkår og inndraging av 150 000 kroner er den siste domen etter «prosjekt Gullfugl» - den store dopopprullinga i Sunnfjord.

Fjordane tingrett

DØMDE: To nye personar er dømde i den store dopsaka i Sunnfjord. Dette er dei to siste i den lokale opprullinga.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nyleg vart to menn i 20-åra, ein busett i Førde og ein i Bergen, dømde til fengsel på vilkår i fire og åtte månadar.

Med det er 25 personar dømde i dopopprullinga som fann stad i Sunnfjord 2007 og 2008. Det er også beslaglagt fleire hundre tusen kroner som politiet meiner dei dømde har tent på omsetnaden.

- Vi er generelt nøgde med straffenivåene vi har fått i sakene, og meiner vi stort sett er blitt høyrde på punkta vi har prosedert på. Dette med fokus på medverknad har vi ynskt å slå hardt ned på, seier politiadvokat Lisa Førde Refsnes.

63 pågripne

Den strengaste straffa i sakskomplekset er fengsel i fire år og seks månadar. I alt vart 63 personar pågripne i opprullinga som starta med eit beslag i Førde for fire år sidan.

Enden på visa vart avdekking av eit nasjonalt nettverk og beslag av narkotika og dopingmiddel til ein gateverdi på nær 60 millionar kroner.

- Vi har tidlegare handsama få slike saker. No meiner vi å ha klart å sette fokus på det. At det ikkje berre er å selje dopingmiddel og så gå fri, seier Førde Refsnes.

Tok lang tid

Ved fleire av domane har rettssystemet påpeika at det har gått lang tid frå pågriping til saka kjem opp. Det er også tilfelle med dei to mennene, ein 24-åring og ein 25-åring, som nyleg fekk domen.

Begge fekk strafferabatt for dette.

- Prosjektet har teke lang tid og ressursar, men så har vi også opparbeidd oss god kompetanse på utfordringane i etterforskingsarbeidet, seier Førde Refsnes.

Kravde 300 000 kroner

Domen som Fjordane tingrett konkluderte med mot dei to siste dømde i dopsaka, var langt frå påstanden til Førde Refsnes. Politiadvokaten kravde fengsel på vilkår i eitt år og inndraging av 150 000 kroner på kvar.

24-åringen vart dømd for ulovleg oppbevaring og sal av dopingmidlar, forsøk på innføring av veksthormon tilsvarande misbruk i 18 år for ein person og ulovleg sal av legemiddel.

Mannen, som tidlegare er dømd for valdshandling, vart dømd til fengsel i åtte månadar. Han slepp å sone straffa så sant han ikkje gjer seg skuldig i nye lovbrot dei neste to åra. Han vart også fråteken 100 000 kroner som retten meinte han har tent på salet.

Skulle i posten

Retten fann bevist at 25-åringen mottok minst ti postpakkar med dopingmiddel og betaling for dopingmiddel. Han vart pågripen då han skulle i posten for å hente pakken frå Kina.

Retten meinte fengsel i fire månadar, også han med prøvetid på to år, og inndraging av ein PC og 50 000 kroner var passande.

Begge mennene erkjende delvis straffskuld og har samarbeidd med politiet under etterforskinga.

- Eg tek domen til etteretning. Det er opp til statsadvokaten å avgjerde om den skal ankast eller ikkje, seier Førde Refsnes.