Hopp til innhold

Politiet etablerer økoteam

Eitt nytt polititeam på fem personar skal jage kvitsnippforbrytarar i Sogn og Fjordane.

Politimeister Johan Brekke

JAKTAR: Politimeister Johan Brekke styrkar innsatsen mot økonomisk kriminalitet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Teamet skal jobbe spesielt med økonomisk kriminalitet, skriv Sogn Avis i dag.

Tilset ekspertar

I teamet er det alt ein etterforskar, ein jurist og ein skatteekspert. I tillegg skal det lysast ut to stillingar for å sikre ein etterforskar til og ein person med økonomisk kunnskap.

– Tidlegare har folk site spreidd og jobba med desse sakene. Då blir det ofte slik at dei gjorde andre oppgåver også, og det var vanskeleg å sikre fokus og framdrift seier politimeister Johan Brekke til avisa.

- Ikkje godt nok

Overfor NRK Sogn og Fjordane vedgår Brekke at etterforskinga av økonomiske lovbrot ikkje har fungert godt nok i praksis.

– Dette er komplekse og vanskelege saker, og det er viktig at dei som jobbar med desse sakene sit i lag. Dette har vi teke konsekvensen av no. Teamet vil sitje i Florø, forklarar han.

Brekke seier at lensmannskontora framleis skal etterforske økonomisk kriminalitet, men at dei større sakene skal handterast av det nye teamet.