Hopp til innhold

Politiet slår alarm: Unge mistar respekten for dei

Berre det siste halvåret har politiet merka at respekten for dei har minka. Black Lives Matter-demonstrasjonane i USA får delar av skulda.

I juni vart politiet i Trondheim angripne under ein demonstrasjon. I Bergen fekk politiet kasta flasker og stein mot seg føregåande helg. Politiet seier dei har mista tillit og autoritet, spesielt blant ungdom, det siste halve året.

– Der me tidlegare brukte ein patrulje med to politifolk, må me no kanskje ha to patruljar med fire politifolk i bakhand, seier Morten Ørn. Han er driftseiningsleiar i Vest politidistrikt.

Ørn seier dei har merka ein forskjell i haldninga hjå dei politiet møter etter Black Lives Matter-demonstrasjonane i USA i år. Der var det politiet som blei motstandaren for mange. Det har gjort det meir legitimt å vera sint på og utøva vald mot politiet også i Noreg.

– Me blir framstilt som ein veldig valdeleg etat som ikkje er på lag med innbyggjarane, og som diskriminerer enkelte folke- og aldersgrupper, seier Ørn.

Politiet utanfor politistasjonen i Bergen etter SIAN-demonstrasjonen

OMRINGA: Etter demonstrasjonen på Festplassen laurdag, omringa politiet politihuset i Bergen. Også der vart det hive ting mot politiet.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Har blitt meir krevjande å vera politi

Utviklinga uroar politileiaren i Vest politidistrikt.

– Det er utvilsamt blitt meir krevjande for mannskapet som er ute og handterer dei akutte oppdraga, seier Ørn.

Morten Ørn, politiet i Bergen.

KREVJANDE: Driftseiningsleiar i Vest politidistrikt, seier det har blitt vanskelegare å vera politi i det siste.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Han seier dei treng hjelp for å halda oppe den autoriteten dei må ha for å gjera jobben sin.

– 13-14-åringar er ikkje sjølvgåande. Foreldre må skjøna kor vanskeleg det er å veksa opp i dag. Det er meir komplekst enn tidlegare, seier han.

Politidirektør Benedicte Bjørnland uroar seg også over at politiet har mista tillit. Ho minner om at ungdom i Noreg ikkje må trekkja parallellar til korleis politiet i USA gjer jobben sin.

– Det er heilt ulike land med forskjellig kultur og ulik praksis for kva som er politiet sin rolle.

Opplever svekka tillit i vennegjengen

Ungdomar i Bergen merkar at noko har hendt med tilliten til politiet.

– Demonstrasjonane i USA har påverka ganske mange her, seier Daniel Cobo-Lone.

Han er ute og går i byen saman med kameraten Dennis Nishchun. Dei har fått med seg kva som hende under SIAN-demonstrasjonen på Festplassen i helga.

– Det er nokon som hatar politiet, andre meiner dei gjorde det riktige. Dei er kanskje litt for strenge med ungdom av og til, seier Nishchun.

I vennegjengen snakkar dei stundom om demonstrasjonane i USA. Sjølv seier gutane at dei stolar på lovas lange arm i Noreg.

– Det er viktig å ha tru på at politiet greier å gjera jobben sin. Elles kan det bli farleg i gatene, seier Cobo-Lone.

dennis Nushchin og Daniel Cobo-Lone

STOLAR PÅ POLITIET: Dennis Nishchun (t.v.) og Daniel Cobo-Lone seier dei stolar på politiet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Liknar meir og meir på USA

Seniorforskar Hilmar Mjelde ved Norce, har merka at den offentlege debatten har blitt meir polarisert. Han trur det kan vera mellom grunnane til at politiet opplever mindre tillit.

– Det er ein skyttarkrigsdebatt på kvar side. Den liknar meir og meir på ein amerikansk debatt, seier seniorforskaren.

Mjelde har sett omgrep som "Fake news" og "Fuck the police" brukt av høvesvis den radikale høgresida og den radikale venstresida her heime. Båe sider adopterer uttrykk og retorikk frå USA utan å ta omsyn til korleis det passar inn i det norske samfunnet.

– Den norske offentlegheita er gjennom-amerikanisert. Ein forenkla svart-kvitt forståing av verda er blitt meir vanleg, seier han.