Hopp til innhold

Politiet i ferd med å rulle opp narkoliga i Vestland

Vest politidistrikt jobbar no intenst med opprullinga av ein liga som skal ha forsynt ulike deler av Vestland med narkotika i lengre tid.

Stine Mari Vårdal

ETTERFORSKAR NARKOSAK: Stine Mari Vårdal er etterforskingsleiar hos politiet i Førde.

Foto: Seline Larsen / NRK

Førebels er seks menn sikta, og ein av dei varetektsfengsla i saka. Saka har forgreiningar til fleire stadar i Vestland fylke.

Den politiet meiner er hovudmannen er frå Sunnfjord, men blei pågripen i Bergen. Han er tidlegare dømt for ulike forhold, blant anna narkotika.

For to veker sidan stogga politiet ein bil på veg frå Bergen til Sunnfjord. I bilen blei det funne over 200 gram amfetamin. Stoffet har ein salsverdi på minimum 40.000 kroner.

Men etter det NRK erfarer, trur politiet at mannen som no er fengsla, har stått bak narkoomsetning for langt høgare summar enn det.

– 200 gram amfetamin er å rekne som grov narkotikakriminalitet med ei strafferamme på ti år i fengsel, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal.

Ulike typar stoff

Ho vil ikkje seie noko om kva som gjorde at bilen blei stoppa, kvar den blei stoppa og kvar han kom frå.

Vårdal vil heller ikkje seier om korleis dei kom over denne saka og heller ikkje om kva dei veit om eventuelle forgreiningar.

Etterforskinga har vist at det har vore sal av større mengder narkotika i regionen.

Vårdal seier det er snakk om amfetamin, kokain, marihuana og hasj, men vil ikkje kommentere kva mengder det er snakk om.

– Tre personar til er sikta for narkotikakriminalitet på bakgrunn den første saka der det blei funne amfetamin i bilen.

Kan bli fleire pågripingar

Vårdal kan ikkje utelukke at det blir fleire pågripne. Dei seks mennene som hittil er sikta i saka, er alle avhøyrde.

Politiet vil førebels ikkje seie noko om korleis dei stiller seg til siktingane. Vårdal vil ikkje seie kvar dei kjem frå, heller ikkje om dei er kjenningar av politiet.

– Veit de kva marknad narkotikaen var tenkt til?

– Ja, vi har ei aning om det, men eg ønskjer ikkje å kommentere dette no, seier ho.