Politiet: – Tatt etter nye DNA-funn

32-åringen som er arrestert og sikta for drapet på Monika (8), vert knytt til åstaden av tekniske spor. – Det er prøvar som er analysert på nytt, seier politiet.

Politiadvokat Asbjørn Onarheim

ORIENTERTE: Politiadvokat Asbjørn Onarheim orienterte om pågripinga av 32-åringen tysdag ettermiddag.

Foto: Kaspar Knudsen

Den sikta er den tidlegare sambuaren til mora til Monika. Han vert framstilt for fengsling klokka 16.00 onsdag. Mannen nektar straffskuld.

Politiet heldt pressekonferanse i Bergen politihus tysdag ettermiddag. Politiadvokat Asbjørn Onarheim fortalde at mannen var i politiet sitt søkjelys under starten av etterforskinga.

– Han var i 2011 avhøyrt som vitne i saka, og vart ikkje sikta formelt.

Tok nye prøvar

Det er tekniske spor som knyt 32-åringen til åstaden i huset på Steinsland i Sund. Politiet seier dei har gjort nye og forbetra analysar.

– Prøvar tatt på åstaden er no analysert på nytt. Med betra analyseteknikk har ein no gjort DNA-funn som me ikkje gjorde den gongen, seier Onarheim.

– Var ikkje den teknikken tilgjengeleg den gongen?

– Det kan eg ikkje svare på, det ligg utanfor mitt kompetansefelt, seier han.

Sikta vart forsøkt avhøyrt i dag, men han nektar straffskyld, opplyser Onarheim.

– Samla sett meiner me at me har god grunn til mistanke, seier han.

Tar ikkje sjølvkritikk

Mannen som er sikta i saka vart arrestert på arbeidsplassen sin i Bergen, måndag. Onarheim kan ikkje svare på om den sikta er tidlegare straffedømt.

Om dødsårsaka seier Onarheim følgjande:

– Dødsårsaka har vore klar frå etter obduksjonen, og det har heile tida vore klart at årsaka var kveling, seier Onarheim.

– Etter eit års etterforsking konkluderte politiet med at dette var eit sjølvdrap. Kva tenkjer du om det?

– Me gjorde ei brei etterforsking den gongen, og eg kan ikkje vurdere om det var riktig av oss å legge vekk saka då, seier Onarheim.

Tirsdag holdt politiet i Hordaland pressekonferanse angående Monica-saken.

PRESSEKONFERANSE: Pressekonferansen vart sendt direkte frå klokka 16.00 til 16.15.