I 2011 blei litauiske Monika Sviglinskaja (8) funnen omkomen i ein bustad på Steinsland i Sund kommune.
Jenta blei funne med skadar som politiet hadde mistanke om at kunne vere sjølvpåførte. Dette til trass for at vindauget i inngangsdøra til huset var knust, og det var spor etter kamp i huset.
I august 2012 la politiet vekk saka, men i etterkant har politiet fått kraftig kritikk frå tidlegare Kripos-topp Asbjørn Hansen.
I mai i år vart etterforskarar frå Kripos kopla inn for å hjelpe politiet i Hordaland med ein ny gjennomgang av barnedødsfallet, då det vart stilt krav ny etterforsking av saka.
- LES OGSÅ:
Tidlegare sambuar arrestert
Måndag denne veka vart ein mann arrestert, mistenkt for drapet, og han vil bli framstilt for fengsling i Bergen tingrett onsdag 22. oktober. Mannen skal vera tidlegare sambuar med mora.
– Me har for kort tid sidan blitt orientert om at saka er koda om frå sjølvdrap til drapssak, og at ein person er arrestert og sikta i saka, seier bistandsadvokat til mora, Stig Nilsen, i ei pressemelding.
– Me ynskjer å rose Kripos og etterforskingsgruppa som har arbeida med saka og komme fram til den status saka har i dag, seier han.
Han opplyser at dei ikkje har fått opplysningar om innhaldet i etterforskinga, men har heile tida blitt informert om forventa tidsaspekt i etterforskinga.
Lagt bort i nesten to år
LAGT BORT: I 2012 vart saka lagt bort av politiet, og saka vart igjen opna i mai i år. Måndag vart ein mann arrestert, og er sikta for drap på Monika (8).
Foto: Eirik Hagesæter/BergensavisenEtter ni månader etterforsking av barnedødsfallet vart saka lagt bort, i august 2012.
Politiet konkluderte då med at det ikkje hadde skjedd noko straffbart, og at det ikkje var nokon til stades då jenta døde.
Då Kripos vart kopla inn i 2014 hadde saka vore lagt bort i eitt år og ni månader.
Advokat Stig Nilsen var då svært nøgd med at politiet då hadde engasjert Kripos i arbeidet.
– Dette er helt avgjerande og i tråd med mi oppmoding. Kripos bør også lede den taktiske etterforskinga, sa Nilsen til NRK då.
– Letta over vendinga
Bistandsadvokat Stig Nilsen seier mora til Monika ikkje ynskjer å rette kritikk mot den tidlegare etterforskinga, men at dei viser til det som har kome fram i media tidlegare.
- LES OGSÅ:
Han seier mora forventar at Spesialenheten vil gjennomføre ein grundig vurdering av etterforskinga.
– Min klient uttalar at ho er svært letta over den nye vendinga saka har tatt. Ho ventar spent på den vidare utviklinga i etterforskinga, seier Stig Nilsen.
Den sikta nektar straffskuld.
SPESIELL SAK: Intervju med Olav Rønneberg, leiar i Krimredaksjonen i NRK.