Hopp til innhold

Kvinna som blei funnen medvitslaus i Alver død – utvidar siktinga mot mannen

Kvinna var svigermor til den sikta mannen i saka. – Ei tragisk utvikling, seier bistandsadvokat for familien.

en bil med en person som står foran

ETTERFORSKING: Politiet rykte ut torsdag kveld etter funn av ei medvitslaus kvinne i Alver.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Ei kvinne i 50-åra vart torsdag kveld funnen medvitslaus i eit bustadhus i Alver.

Ho blei sendt til sjukehus, og har lege på intensiven.

No opplyser politiet at kvinna døydde på Haukeland sjukehus laurdag kveld.

Fredag morgon vart ein mann i 30-åra pågripen, sikta for drapsforsøk. Siktinga mot han er no utvida til drap.

Den avdøde kvinna og mannen som er sikta var i familie.

et nærbilde av en bok

Politiet fekk torsdag kveld melding via AMK, om ei medvitslaus kvinne på ei adresse.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Utvidar siktinga

Mannen i 30-åra som er sikta i saka blei avhøyrt på fredag.

På laurdag blei han framstilt for varetektsfengsling.

Han blei då varetektsfengsla i fire veker, med brev og besøksforbod. Dei to første vekene er i isolasjon, og han får ikkje omgå andre fangar. Bakgrunnen for fengslinga er fare for øydelegging av bevis.

Han erkjente seg ikkje skuldig under fengslingsmøtet i går, fortel mannen sin forsvarsadvokat Einar Råen.

Han skriv til NRK at mannen er orientert om at kvinna er død og at siktinga er endra.

– Han tar desse opplysningane svært tungt, men held fast ved si forklaring om at han ikkje erkjenner straffskuld, skriv Råen.

Den sikta vil anke fengslinga til Gulating lagmannsrett.

et vindu med et skilt på
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Undersøker sikta sin bil

Politiet jobbar no vidare med gjennomgang av elektroniske spor og avhøyr av vitne. Det blir mellom anna gjort kriminaltekniske undersøkingar av den sikta sin bil.

Både avdøde og den sikta er norske statsborgarar. Kvinna var svigermor til den sikta.

Politiadvokat Eli Valheim kan ikkje seie kva kvinna døydde av.

– Vi meiner at det er skadar påført av sikta som no har ført til dødsfallet, seier Valheim.

Ho vil ikkje seie noko om motivet til den sikta. Kvinna vil bli obdusert så snart som mogleg.

Ei tragisk hending

– Det er eit stort sjokk og ein tragedie for familien.

Det seier bistandsadvokaten Kjetil Ottesen. Han representerer den avdøde kvinna og barna hennar.

Han fortel at dei sit igjen med mange spørsmål om korleis dette kunne skje, og kvifor.

– Det viktigaste for familien er å få svar, og dei ønsker ro i tida framover, seier Ottesen.

Brukte dronar og helikopter

Fleire naboar fortalde fredag til NRK at bustadområdet er eit roleg område, og at dei aldri har opplevd noko liknande tidlegare.

– Det var roleg i går kveld fram til vi plutseleg høyrde helikopteret som flaug over huset vårt i halv nitida, seier ein av naboane i området.

Krimteknikere Alver

Åstaden er framleis ikkje frigitt, og det vil bli gjort fleire kriminaltekniske undersøkingar.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Torsdag kveld var politiet til stades både i Åsane og i Alver med fleire patruljar, hundar og drone.

Eit vitne i Åsane fortalde også til Åsane Tidende at politiet sperra eit køyrefelt og stod klare med spikarmatte.