Hopp til innhold

Politiet åtvarar om Ukraina-svindel

Mange vil hjelpe krigsråka ukrainarar med alt frå pengar til utstyr, men givargleda kan bli utnytta av svindlarar.

Et skilt med "Help for Ukraine" står foran et lagerrom fullt av pappesker med ting som skal sendes til flyktningene.

INNSAMLING: Nettpatruljen til Vest politidistrikt åtvarar om svindel i samband med innsamlingar.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Bilete av bombing og menneske på flukt i Ukraina har sett ein støkk i det norske folk.

Behovet for å hjelpe gjer at det florerer med innsamlingsaksjonar på sosiale medium og ute i lokalsamfunna, men hjartevarme og sympati kan bli utnytta.

Der nokre ser moglegheita til å hjelpe, ser andre sjansen til å lure til seg pengar. Det gjer at nettpatruljen til Vest politidistrikt åtvarar om svindel i samband med innsamlingar.

Vi vil ikkje bremse givargleda. Det er eit stort behov der ute, men pass på at hjelpa kjem fram til dei som skal ha ho, seier fagleiar for nettpatruljen, Rune Fimreite.

På Notodden sa ein mann at han ville selje roser til inntekt for ofre i Ukraina, noko han brukte som unnskyldning for å stele pengar frå ei 85 år gamal kvinne, skriv Telemarksavisa.

Når givargleda er stor, så vil vi gjere folk bevisste på svindel, seier Fimreite.

Les også Innsamlingsaksjoner over hele landet: – Engasjementet og givergleden er enorm

Stefaniya Gutovska foran pappesker med klær og mat

– Uheldig

Ein som kjende han måtte hjelpe menneske på flukt er Ole Nordnes frå Nordfjordeid. Saman med to kameratar starta han ei innsamling. Dei fekk inn sekkar på sekkar med alt frå pledd til klede.

Torsdag er Nordnes og kompisane på veg til grensa mellom Polen og Ukraina for å dele ut det innsamla utstyret.

Han synest det er leit at nokre vil utnytte givargleda til andre.

– Det er særs uheldig for dei av oss som vil noko godt, meiner Nordnes.

Ole Nordnes

PÅ VEG MOT GRENSA: Ole Nordnes vil hjelpe flyktningar. Nordfjordingen og to kameratar har starta innsamlingsaksjon.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

Slik unngår du svindel

Nær 850.000 menneske har flykta frå krigen i Ukraina så langt, og behovet for hjelp er stort.

Nettpatruljen til Vest politidistrikt har førebels ikkje fått meldingar om svindel, men tidlegare erfaring gjer at dei har gått ut med ei åtvaring på Facebook.

Vil du vere sikker på at pengane eller utstyret kjem fram, så har politiet nokre enkle råd:

  • Sjekk grunnleggande informasjon om dei du vil støtte
  • Bruk etablerte og kjende hjelpeorganisasjonar
  • Bruk nettstaden www.innsamlingskontrollen.no/organisasjoner

Les også Usikker på korleis hjelpe folk i Ukraina? Dette seier hjelpeorganisasjonane

"Søppelfylling" med klær og utstyr i den polske grensebyen Medyka.