Hopp til innhold

Plan om 90 meter høgt hotell i turistperle

Planlagt hotell i hjartet av Sogn skal ruve 90 meter over bakken. – Skal du skape utvikling, så må du provosere litt, seier initiativtakar.

Det nye hotellet som er under planlegging i Flåm i Aurland vil vekke merksemd, meiner initiativtakarane.

RUVAR I LANDSKAPET: Det nye hotellet som er under planlegging i Flåm i Aurland vil vekke merksemd, meiner initiativtakarane.

Foto: Jensen & Skodvin/MIR

– Vi ynskjer å reise eit hotellbygg som skal gå i høgda, seier Arve Tokvam som er leiar for stabsfunksjonar i Norway's Best.

I fleire år har han og samarbeidspartnarane jobba i det stille med hotellplanane, skriv Sogn Avis.

Og det nye hotellet i Flåm vil avgjort «gå i høgda» dersom det vert realisert slik planane ligg føre: Eit 90 meter høgt bygg modellert etter ein gedigen varde.

Oslo Plaza er til samanlikning 117 meter høgt.

– Det er ikkje vanleg å bygge i høgda i vårt område, i alle fall ikkje i dette omfanget så det kan vel kallast for spenstig, seier Tokvam.

– Folk som torer å tenke stort

– Dette er noko som kjem til å vise igjen i landskapet og noko som kjem til å verte lagt merke til både i inn- og utland, seier ordførar Trygve Skjerdal (Sp).

Aurland og Flåm er blant dei mest populære turistmåla i landet, og årleg tar den vesle sognekommunen i mot kring 1 million turistar.

Trygve Skjerdal, ordførar Aurland (Sp)

SPANANDE PROSJEKT: Trygve Skjerdal (Sp) er ordførar i Aurland.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Her er folk som torer å tenke store tankar og som torer å satse, seier Skjerdal.

Han legg til:

– Så er det sikkert mange meiningar om kva som bør vere og ikkje, men det er ein diskusjon som eg ynskjer velkomen.

Vil bryte med mykje av det vi tenker

For ikkje alle er like begeistra for tanken på eit 90 meter høgt hotell i turistperla Flåm.

– Det vil bryte med mykje av det vi tenker om utvikling, miljø og lokalsamfunn, seier Gøran Johansen som er kommunestyrerepresentant for Miljøpartiet dei grøne (MDG) i Aurland.

Gøran Johansen

SKEPTISK: Gøran Johansen (MDG) applauderer ikkje umiddelbart for dei nye hotellplanane.

Foto: Privat

Hotellplanane som vart lanserte denne veka har ein prislapp på 1 milliard kroner. Initiativtakaren beskriv det som eit miljøbygg i glas og stein, men også noko tre.

– Sjølv om det isolert sett ligg nokre god tankar her, så er det ikkje dette vi ser for oss i Flåm sentrum, seier Johansen.

Budde på reaksjonar

Tokvam budd på at det vil kome reaksjonar på planane, og at ikkje alle vil vere like begeistra.

– Det er alltid slik at det vil kome reaksjonar på det som ikkje er vanleg, så det ventar vi oss. Men skal du skape utvikling, så må du provosere litt og kome med ting som ikkje er heilt vanleg innanfor dei vanlege normene.