Piotr kan framleis gå til Brann

Bytehandelen mellom Brann og Sogndal skal likevel ikkje vere lagt død.

Piotr Leciejewski

KAN LIKEVEL BLI BRANNKEEPER: Ifølgje bt.no skjer det framleis ting i kulissane med tanke på å få til ein byteavtale der Sogndal-keeper Piotr Leciejewski går til Brann.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ifølgje Bergens Tidende vert det framleis arbeidd for å få til ein byteavtale mellom dei to eliteserieklubbane.

Avtalen inneber at Sogndal-keeper Piotr Leciejewski går til Brann, medan sogneklubben får Brann-keeper Kenneth Udjus og spissen Cato Hansen i retur.

Udjus samd med Sogndal om løn

For under ein månad sidan stadfesta sportsleg leiar i Sogndal fotball, Trond Fylling at det ikkje vart noko avtale.

- Det er for stor avstand mellom partane når det gjeld løn, og dermed er saka lagt død, sa Fylling den gong.

Men ifølgje Bergens Tidende skal Udjus no ha blitt samd med Sogndal når det kjem til løn. Det inneber for Brann-keeperen sin del at han vil gå til ein klubb der han får mindre å rutte med.

Sogndal-keeper Piotr Leciejewski, som vart rekna som den beste keeperen i 1.divisjon før opprykket, har allereie blitt samd med Brann om vilkår for løn.

Må få avtale med Hansen også

Men skal det bli noko avtale mellom Brann og Sogndal må også Hansen gå med på å gå ned i løn. Etter det avisa kjenner til må spissen truleg halvere lønna si som i dag er på drygt 800.000 kroner.

Hansen sin agent Jim Solbakken vil til bt.no seie minst mogleg, men viser til at han og klienten held seg til at spissen har to år att av kontrakten med Brann.

Agenten skal ha kome med krav om ein solid kompensasjon dersom Hansen skal flytte på seg. Brann har derimot føreslått å låne ut spissen, noko som er uaktuelt for både Sogndal og Hansen. Begge er klar på at det skal vere ein permanent overgang dersom det skal bli noko.

- Ein prosess på gang

Dagleg leiar i Brann, Roald Bruun-Hanssen vil ikkje kommentere saka til avisa, medan sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling stadfestar at ting er på gang i kulissene.

- Eg veit at det er ein prosess som på gang. I utgangspunktet har vi lagt saka død, men dukkar det opp nye ting vil vi ta det der og då, seier Fylling til nettavisa.

Det har ikkje lukkast NRK.no å kome i kontakt med Fylling.

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal seier til NRK at det ikkje er noko nytt frå Sogndal si side når det gjeld ein eventuell bytehandel med Brann.