Hopp til innhold

- Piotr har takka ja til Brann

Spørsmålet no er om Kenneth Udjus og Cato Hansen vil halvere løna for å gå til Sogndal.

Piotr Leciejewski
Foto: Rune Fossum / NRK

- Det siste eg har høyrt no er at Piotr Leciejewski har takka ja til Brann sitt tilbod, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

Då Brann vende seg til Sogndal for å kjøpe Leciejewski, vart det tidleg klart at dei ikkje hadde pengar å tilby. Sogndal ba då om å få to spelarar i byte, og Brann sitt forslag var reservekeeper Kenneth Udjus og spissen Cato Hansen.

Fylling seier at dei kjem til å godta tilbodet, dersom dei blir samde med dei to Brann-spelarane om løn.

LES OGSÅ: Ikkje einige om Leciejewski

LES OGSÅ: Piotr kan bli bytta med to

Må kraftig ned i løn

- Harald Aabrekk kjenner godt til Hansen og går god for han. Eirik Bakke og keepertrenar Terje Skjeldestad går god for Udjus, seier Fylling.

Men lønsforhandlingane med Hansen og Udjus kjem ikkje til å bli enkle. Hansen har ifølgje Bergens Tidende tent 750.000 kroner i året på å varme benken i Brann, med Udjus hakk i hæl på lønsstatistikken.

I Sogndal er lønspolitikken heilt annleis, og om ikkje dei to går med på å halvere lønene sine vil det velte heile bytehandelen.

- Dei tenar godt i Brann og må tene mykje mindre her. Slik er det berre, seier Fylling.

- Ingen vil betale

Sogndal forlenga kontrakten med Leiciejewski på eit tidspunkt då det var klubbar som var villige til å leggje pengar på bordet for han. Håpet var at han skulle hjelpe Sogndal til opprykk før han vart seld for ein endå større pengesum.

- I mellomtida har den elva tørka ut. Det finst så godt som ingen som betalar for spelarar lenger. Ein slik bytehandel er det beste vi kan få til slik klubbøkonomien er no, seier Fylling.

Fullgod erstattar?

På den sportslege sida har Leciejewski vist seg fram som ein av dei beste keeperane i Norge i dei tre åra han har vore i Sogndal. Det har vorte reist store spørsmålsteikn rundt Kenneth Udjus som erstattar.

Den 27 år gamle sørlendingen har ikkje vore overtydande dei gongene han har steppa inn for førstekeeper Håkon Opdal i Brann.

- Udjus rota litt i starten i Brann, men har stått godt etter kvart. Men det er klart: Vi har ikkje lyst til å miste Piotr, seier Fylling.