Leciejewski blir i Sogndal

Sogndal-keeper Piotr Leciejewski blir likevel i Sogndal.

Piotr Leciejewski

BLIR I SOGNDAL: Det blir ingenting av bytehandelen med Brann.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det stadfestar sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling, til Sogn Avis.

I går sa Fylling at Leciejewski var på veg til Brann, mot at keeperen Kenneth Udjus og spissen Cato Hansen kom til Sogndal.

– Men no blir det ingenting av bytehandelen. Det var for stor avstand mellom partane når det gjeld løn, og dermed er denne saka lagt død. Piotr blir verande her i Sogndal, noko vi er glade for, seier Fylling til avisa.

Han trur at keeperen blir verande i Sogndal ut kontrakstida.

– Eg har ikkje fått signal på at andre klubbar vil prøve å henta han, seier Fylling.