– Eg gler meg over at me no har fått ei avklaring, seier Håkon Lundestad, leiar i Fjordane Pelsdyralslag.
I dag kom regjeringa si melding om at det framleis blir mogleg å drive pelsdyroppdrett i Noreg, men med strengare reglar for dyrehaldet. Lundestad frykta å få beskjed om å leggje ned.
Men medan Sogn og Fjordane er letta, rasar bønder i Rogaland.
– Dette er ei katastrofe, fortel pelsdyrbonde Kjell Hodne på Kleppe på Jæren til NRK Hordaland.
- Les også:
I Sogn og Fjordane er det mellom ti og tolv pelsdyroppdrettarar att, og dei fleste har det som ei ekstrainntekt i tillegg til gardsdrift.
Ikkje nøgd med alt
– Me kan innrette oss etter dei fleste nye retningslinjene, men det er og visse ting ein bør prøve å forandre, seier Lundestad.
Regjeringa legg mellom anna fram krav om ny golvnetting i bura til mink og rev. Lundestad meiner dette kravet bør påleggjast alle nye bur, men ikkje påverke dagens gardar.
– Eg er redd for at mange kan kjenne på dei nye tiltaka som ei belastning, og kan velje å leggje ned i staden for å skifte netting, seier Lundestad.
– Me fører meir kontroll med pelsdyrhald enn andre delar av landbruket, fordi risikoen har synt seg å vere større, seier landbruksminister Jon Georg Dale.
Stor motstand
Pelsdyrnæringa har lenge møtt sterk motstand frå forskjellige aktivistgrupper og kritiske blikk frå samfunnet.
– Det har vore sagt mykje usaklege ting som er heilt urett, seier Lundestad.
- Les også:
Lærer om pelsdyr
På Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde har dei eiga avdeling for pelsdyrhald. Blant elevane i år er Steffen Fjellestad og Sander Solheim, begge er positive til pelsdyroppdrett, og ser ikkje bort frå at dei sjølv vil jobbe med det i framtida.
– Eg er positiv til pelsdyr, men er førebels litt usikker på om eg sjølv kjem til å satse på det. Men eg kjem frå ein gard der vi har drive med pelsdyr, og så får tida vise om eg sjølv og kjem til å byrje med det, seier Kvellestad.
Medelev Sander Solheim kjem ikkje frå pelsgard sjølv, og har ikkje dermed heller ikkje så sterkt tilknyting til næringa. Men sjølv er han positiv.
– Det er ei fin produksjonsform, og ein viktig del av landbruket, seier Solheim.
– Og så er det ei fin attåtnæring for gardane, og det er viktig å ta vare på dei arbeidsplassane vi kan i distrikta, seier Kvellestad.
Meldinga frå regjeringa er no sendt til Stortinget for behandling.