Hopp til innhold

Vanskeleg matjessesong i Kalvåg

Pelagia i Kalvåg slit med å lage god matjessild. Og no har dei berre få veker att av sesongen.

Matjessild, Pelagia

IKKJE GOD NOK: Mykje av silda Pelagia har får held ikkje matjes-kvalitet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi har mykje sild, men ikkje rett type.

Per Røys er fabrikksjef på Pelagia i Kalvåg. Han fortel at det berre er ei helt spesiell type sild som kan bli matjessild.

– Matjessild er ei jomfrusild. Den er tre år gammal, og skal helst ikkje ha vore kjønnsmoden. Og den har ei feittprosent på over 18 prosent, då er det ei god matjessild.

Men den typen er det altså ikkje flust med på kysten av Noreg i år.

– Vi har ikkje topp kvalitet. Eg skulle gjerne ha presentert ei litt modnare sild, seier Røys.

Skal sendast til Nederland

Matjessild er ein spesialitet i Nederland, og det er dit mykje av silda til Pelagia skal ende opp. Men no begynn det å haste for Ruud Van der Svaan, som inspiserer silda før den sendast til Nederland.

Ruud Van der Svaan og Per Røys

HAR TRUA: Både Ruud van der Svaan og Per Røys håper på betre sild dei neste vekene.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi manglar god sild, og no treng vi betre fisk. Eg håper det kjem i løpet av de neste to vekene, fortel Van der Svaan.

Og Røys fortel at det er kritiske tider dersom hollendarane skal få nok sild.

– Hollendarane skal i løpet av dei neste fire vekene lage nok til å dekke heile neste års produksjonsbehov. Dei får ikkje tak i råstoffet før neste år. Men førebels manglar vi 1200 tonn med ferdigvare, seier Røys.

Ber om betre tider

No dreg altså silda snart frå det norske farvatnet. Og då kan ikkje fiskebåtane følge etter.

– Kvotesystemet er sånn at dei må fiske 40 prosent i norsk sone. Og den står i norsk sone berre ei lita stund, før den fer inn i engelsk sone. Då må dei vere ferdig med 40 prosent, fortel ein frustrert fabrikksjef.

Og sjølv om det ikkje manglar på sild generelt, så fortel Van der Svaan at dei ikkje godtek kva som helst.

– Eg trur vi får nok, og eg håpar vi får nok. I Holland vi skal berre ha den beste fisken, vi godtek ikkje sild som er nesten god nok.

Og det har Røys og Pelagia i Kalvåg fått erfare.

– Dei går ikkje på kompromiss når det gjeld kvalitet. Så no ber vi om matjessild i kveldsbøna kvar kveld framover, ler Røys.