Det finske luftforsvaret ordna tre poeng til Sogndal

«Heilt magisk!», «ei uverkeleg lykkekjensle» og «otroligt skönt». Slik skildra Sogndalspelarane- og trenaren det siste sekundet i måndagens heimekamp mot Vålerenga.

Patronen scorar mot Vålerenga

HELT: Her stussar Hannu Patronen ballen i mål på overtid, og sikrar tre poeng til heimelaget.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det gjekk mot 0–0 og berre eitt poeng på Fosshaugane Campus – som mot Lillestrøm for fire veker sidan.

Folk reiste seg og gjekk for å sleppa køkaoset – som mot Lillestrøm for fire veker sidan.

Men – som mot Lillestrøm for fire veker sidan – reiste dei for tidleg.

Finsk frelsar

Mot Lillestrøm var det Malik Mane som sette fyr på Fosshaugane i siste sekund, denne gongen tok finske Hannu Patronen over frelsartittelen.

– Det kjendest heilt utruleg godt. Me har bomma på mange sjansar dei siste kampane, so det kjendest veldig godt, sa finnen etter kampen.

Det var 13 sekund att av dei tilmålte tre tilleggsminutta då Ørjan Hopen la ballen ned ved hjørneflagget for kampens siste corner. Sogndal sendte opp alt av luftskyts dei hadde.

Hopen hadde slått mange cornerar som ikkje nådde heilt opp der dei skal vera tidlegare i kampen, men denne var omtrent so perfekt som det går an å få den.

Den harde, innoverskrudde ballen trefte pannebrasken til Hannu Patronen, som nikka ballen i lengste hjørne – og brått hadde mesteparten av dei 2853 tilskodarane gløymt alt av minusgrader denne novemberkvelden.

Vålerenga tok avspark, og det var det einaste dei rakk før dommar Kjetil Sælen blåste av kampen.

Jordnær finne

Hannu Patronen er ikkje ein som mistar bakkekontakten med det fyrste. Men umiddelbart etter scoringa som sikra tre livsviktige poeng, so klarte ikkje ein gong den jordnære finnen å halda seg.

– Ja, eg jubla vel ganske høgt då ja, smiler han.

Hannu Patronen

MATCHVINNAR: Hannu Patronen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Gustav Valsvik var berre nokre centimeter frå å scora minuttar tidlegare, men headinga hans gjekk i tverrliggjaren.

– Når spissane ikkje tek sjansen, må midtstopparane ta ansvar. Kanskje eg og Gustav må ta litt avslutningstrening med spissane på neste trening, smiler han lurt.

Spelet varma ingen i førsteomgang

Det var ein kald kveld i Sogndal, og heller ikkje spelet varma nokon i førsteomgang. Begge lag var tannlause framfor mål, og Sogndal virka ikkje veldig på hogget.

Hopen med frispark mot Vålerenga

OVER: Ørjan Hopen (nr. 10) truga ikkje Vålerenga-keeper Lars Hirschfeldt nemneverdig med dette frisparket i førsteomgang.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Når til og med Stephané Badji mistar ballen lett og slår håplause pasningar, då er det noko som ikkje er heilt der det må vera for å spela på øvste nivå.

Vålerenga var det beste laget i førsteomgang, og sjølv om dei ikkje kom til dei heilt store sjansane, var dei klart nærmast mål.

Vålerenga sin Chuma Anene bommar

BOM: Vålerenga sin Chuma Anene skyt, men Kenneth Udjus får so vidt ei hand på ballen, som trillar like utanfor.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Men noko må trenar Jonas Olsson ha sagt i pausen, for gradvis utover i omgangen kom aggressiviteten, viljen og sjansane.

Med siger til heimelaget er avstanden til Sandnes Ulf på nedrykksplass fem poeng. Avstanden til Fredrikstad på kvalifiseringsplass fire poeng.

– No trur eg me er ganske trygge, seier Patronen.

«Otroligt skönt»

Sogndal var best i andreomgang, og fekk sju cornerar i løpet av omgangen. Men ikkje før på den siste, vart det utteljing for kvittrøyene.

– Det er klart at poenga er viktige for oss. Dei to kampane me har spelt dei siste kampane mot Ålesund og Vålerenga tykkjer eg me har vore best. Det er fantastisk at me kan gå ut og spela slik som me gjer med det trykket me har på oss, seier trenar Jonas Olson.

Jonas Olsson

NØGD: Trenar Jonas Olsson.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sogndal kom til mange innlegg sjølv om det ikkje resulterte i meir enn eitt mål, men Olsson var veldig nøgd likevel.

– Me har trent mykje på å koma til innlegg i heile år. Ting tek tid, men dei siste kampane har me fått det til betre. Med to spissar som er so høge og sterke (Ricardo Santos og Azar Karadas) so er det klart at me får målsjansar.

– Utroligt skönt å sjå den ballen gå inn. Det er «underbart» å vera trenar for denne gjengen når me får betaling for det me har jobba so hardt for.

Men Olsson sprett ikkje sjampanjeflaska heilt endå.

– Me har sagt det heile tida, me må ha fokus på våre kampar. Me kan ikkje fokusera på nokon andre. Me har moglegheita for å ta seks poeng til, og so får me sjå kva det held til.

– No klarar me oss

– Eg hadde gløymt kor god denne kjensla var. Eg tykkjer me dominerer spelet totalt i andreomgang, og det var utruleg herleg kjensle når me putta den siste, seier keeper Kenneth Udjus.

Udjus har berre éin heimekamp att for Sogndal, før han dreg til Lillestrøm neste sesong. Men han har tidlegare sagt at han ikkje er veldig lysten på å ha eit nedrykk på CV-en, og no ser det ut til at han slepp å føra opp det for denne sesongen.

– No er eg nesten heilt sikker på at me klarar oss, seier han.

Patronen

VILL JUBEL: Gustav Valsvik (frå høgre), Hannu Patronen, Ricardo Santos og Stian Dyngeland slapp alle hemningar lause då finnen heada inn sigersmålet på overtid.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix