Passasjeransvarleg i Coast Air, Ole Flotve, innrømmer at svikten er dramatisk. Han forklarar nedgangen med at det vart innført flyavgift frå 1. april. No må Coast Air truleg redusere talet på tilsette i Florø.
Det har liksom aldri teke heilt av for Coast Air når det gjeld satsinga deira i Florø. Sidan starten i april i fjor har det vore mykje turbulens for Karmøy-selskapet.
I lufta har det til tider vore tendensar til dramatikk på grunn av tekniske feil. På bakken har dei tilsetje trua med å slå selskapet konkurs - og no sviktar også passasjerane. Ein nedgong på 10 prosent frå april til juli, fortel om eit selskap med store problem.
Og problema vil ingen ende ta for Coast Air. I fjor hadde selskapet eit underskot på 10 millionar kroner, som er ei lita betring samanlikna med året før. Då gjekk Coast Air med 14 millionar i minus. Også aksjekapitalen på tre millionar kroner gjekk tapt i 2000, og no har hovudaksjonærane i selskapet skote inn 7,5 millionar kroner i frisk kapital.
Også Widerøe flyveselskap har hatt kraftig nedgong i trafikken til og frå Sogn og Fjordane dei siste tre månadane, samanlikna med same periode i fjor. Informasjonssjef i Widerøe, Martin Lone, seier det spesielt er trafikken til og frå Bergen som har svikta.