Hopp til innhold

Dagleg køyrer folk i timevis for å få pass

Familien Juhasz køyrde tre timar i bil frå Bergen til Førde for å fornye passa sine. Og dei er ikkje åleine.

Edvin er ikkje heilt fornøgd med at det gamle passet hans blei klippa i fillebitar.

NYTT PASS PÅ VEG: Edvin og familien fekk sikra sommarferien i Førde.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

For Ida Juhasz og familien blei valet enkelt då sommaren nærma seg og tre av fire i familien stod utan pass.

Med ein biltur på 175 kilometer kvar veg, sparte dei fleire veker med venting.

– Vi var litt stressa for å få det på plass, så vi tok ein liten helgetur, seier Juhasz i det ho og familien er på veg inn på passkontoret i Førde.

Passkø mange stader

Etter to år med ulike reiserestriksjonar, strøymer vengeklipte nordmenn til passkontoret for å fornye passet.

Men, når køen er fleire månader lang i storbyane, trekker dei løysingsorienterte ut til distrikta.

Bak skranken på politistasjonen i Førde, merkar Anett Sundbye ved passkontoret pågangen godt.

– Vi har bergensarar her kvar dag, seier ho smilande gjennom glasruta.

– Det fyllast opp her også, seier tenestestadsleiar Dag Fiske ved Førde politikontor, og legg til at det får ringverknader når storbyane ikkje har kapasitet. Første ledige time ved politikontoret hans akkurat no er i juni.

Med passet klar for tur.

REISEKLART: Etter ein lang pandemi er reiselysta tilbake blant nordmenn.

Foto: Steinar Lote / NRK

Hasteinnkallar produsenten

På toppen av travle passkontor, har produsenten av passa fått redusert produksjonskapasitet. Dermed kan det bli problem å levere pass til nordmenn og borgarar av fleire europeiske land.

I går hasteinnkalla justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl, produsenten av norske pass og ID-kort, Thales, inn til eit møte.

– Regjeringa meiner at det er uakseptabelt om mange nordmenn blir ståande utan moglegheit til å legitimere seg med pass eller ID-kort over lengre tid, og forventar at Thales set i verk tiltak så raskt som mogleg, seier justis- og beredskapsministeren.

Emilie Enger Mehl.

TILTAK: – I byrjinga av mars gav eg Politidirektoratet beskjed om å sette i verk tiltak for å få ned ventetida for å få seg pass. Mellom anna har passkontora utvida opningstidene utover kvelden og i helgar, seier Mehl.

Foto: Mette Vollan / NRK

Ein ekstraordinær situasjon

Stortingsrepresentant Tor André Johnsen frå Frp har utfordra justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på dei lange ventetidene.

Det gjorde han etter at Nettavisen kartla ledige timar i Sør-Noreg og fann fleire månader lange ventetider. Ein situasjon som politidirektoratet har omtala som ekstraordinær.

– Vi vil gradvis auke kapasiteten frå no og framover, seier Elisabeth Lund, Seksjonsleiar i Oslo Politidistrikt.

Etter instruks frå justis- og beredskapsministeren, har Oslo politidistrikt gjort grep for å korte ned på ventetida, med auka opningstider og fleire tilsette.

Det same har fleire politidistrikt gjort. I Bergen seier Kristi Fürstenberg, seksjonssjef i Vest politidistrikt, at dei no møter konsekvensen av at veldig få fornya passa sine i 2020 og 2021.

– Dei fleste av dei har veldig lyst ut å reise denne sommaren, og då blir det ei stor opphoping som vi no må ta att, seier ho.

Les også Nasira hadde flaks da sonen trengde nytt pass: Fekk time dagen etter

Fireåringen Ilyas Sharif sitter ved siden av mamma Nasira Jama på Grønland politistasjon. De venter i passkø. Begge smiler.