Hopp til innhold

Nasira hadde flaks da sonen trengde nytt pass: Fekk time dagen etter

Som ein konsekvens av pandemien kan det ta fleire månadar å få tak i nytt pass. Har du sjekka utlaupsdatoen på ditt?

Fireåringen Ilyas Sharif sitter ved siden av mamma Nasira Jama på Grønland politistasjon. De venter i passkø. Begge smiler.

I KØ: Ilyas Sharif (4) og mamma Nasira Jama ventar tolmodig på sin tur i passkøen på Grønland politistasjon. Nasira veit om fleire som har dratt til passkontor andre plassar fordi dei ikkje har fått time i Oslo.

Foto: Karine Jonsrud Pedersen

Det var tilfeldig at Nasira Jama fekk ein passtime til sonen sin Ilyas Sharif (4). Ho hadde tidlegare sjekka politiet.no for ledige timar, men såg at neste ikkje var før om nokre månadar.

Ved midnatt onsdag kveld gjekk ho likevel inn på nettsida igjen, og til hennar store glede var det ein ledig time dagen etter på Grønland politistasjon.

– Det var berre flaks at eg sjekka, seier ho.

På grunn av pandemien er det kø for å få pass. I Oslo og Trondheim reknar ein med at det er i overkant av 50 000 pass som ikkje har blitt fornya gjennom pandemien. Færre har hatt behov for pass då dei har vore mindre i utlandet. Rundt halvparten av desse er til barn under 18 år. Dette henger saman med at deira pass er gyldige i kortare tid.

No som landet opnar reknar ein med at dei fleste av desse vil ha nye pass, i tillegg til dei som har pass som går ut dei neste månadane.

Timar kjem fortløpande

Då NRK prøvde å bestille passtime torsdag morgon var det ein ledig time fredag på Grønland politistasjon, den neste ledige timen etter det var 31. mai. På Trondheim sentrum politistasjon var første ledige time 2. mai.

Elisabeth Lund frå Oslo Politidistrikt ber folk om å ha is i magen om det ikkje er ledig time i nærmaste framtid.

– Vi slepp nye timar kvar dag avhengig av kapasitet og avbestillingar, men uansett kvar fredag. Eg anbefaler å sjekke fleire gonger om det er lenge til neste ledige time. Vi bemannar opp og brukar den kapasiteten vi har til ei kvar tid.

Leiar for forvaltningsseksjonen i Oslo politidistrikt, Elisabeth Lund, står foran Grønland politistasjon. Det er lyst og snør lett.

LEGG UT NYE TIMAR PÅ MORGONEN: Elisabeth Lund, leiar for forvaltningsseksjonen i Oslo politidistrikt, ber folk sjekke om det er ledige passtimar på morgonen.

Foto: Karine Jonsrud Pedersen

Også i andre politidistrikt legg dei ut fleire timar om det lar seg gjere reint praktisk. Anbefalinga er å følgje med på politiet sine nettsider.

Medan til dømes Oslo, Trøndelag og Vest har sett inn fleire ressursar til passkontora, har ikkje køane vore så lange i Troms.

– Vi har køyrt vanleg bemanning, og har til og med sett pass-tilsette til andre oppgåver nokre gongar, seier fungerande seksjonsleiar for forvaltning Andrea Finnjord Jenssen.

Ho ber folk komme no som dei har tid, før sommaren kjem.

Ventar mange reisande

Marie-Anne Zachrisson er sjef for Ving Norge, og ho ventar at talet på reisande vil auke mykje framover. Ho har følgande råd til reiselystne som har vore heime lenge:

– Mange av våre kundar har ikkje vore ute av landet på to år. Ikkje vent for lenge med å bestille time til nytt pass til deg eller barnet ditt. Det er trist om ein går glipp av ein fin ferie fordi ein ikkje har pass, seier Zachrisson til NRK.

Det er akkurat det Nasira Jama tenkte da ho fann den ledige timen til sonen på torsdag. Til sommaren skal familien til Tyrkia, og Ilyas har allereie planane klare: leike med veslebror, ete godteri og bade. Men fyrst må han ta passbilete.

Fireåringen Ilyas Sharif er på passkontoret. Han smiler breitt til eit kamera i ein fotoautomat.

ØVER: Det er lang ventetid inne på passkontoret. Ilyas Sharif (4) bruker tida på øve på smilet sitt, sjølv om han ikkje får bruk for det på passbiletet.

Foto: Karine Jonsrud Pedersen

Lund frå Oslo politidistrikt har ei viktig anbefaling til dei med utgått pass:

– Ikkje bestill reise før du er sikker på at du har gyldig pass.

AKTUELT NÅ