Hopp til innhold

Pasient fekk adrenalin i staden for smertestillande

Ein pasient som låg på akuttavdelinga ved Førde sentralsjukehus fekk feil medisin.

Prehospitalt bygg, Helse Førde

FØLGDE IKKJE RUTINE: Pasienttryggingsutvalet vurdere feilmedisineringa som ei alvorleg hending,

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det skriv avisa BT. Pasienten hadde store smerter og fekk smertestillande intravenøst. Smertene gav seg ikkje og pasienten blei igjen gitt meir smertestillande av den same sprøyta.

– Pasienten fekk på ny ein reaksjon med kvalme, rask puls og kalde hender. Dette fekk dei tilsette til å undrast på om det var det rette medikamentet som var i sprøyta, skriv Helse Førde om hendinga på nettsida si over uønskte hendingar.

Det viste seg at ein tilsett hadde teke feil medisin då den skulle trekkjast opp i sprøyta. Dette blei oppdaga då medisinrommet blei sjekka. Der stod den smertestillande medisinen urørt, medan eit glas med adrenalin var nesten tomt.

Pasienttryggingsutvalet PTU vurderer dette som ei alvorleg hending.

Det vart laga til ei ny sprøyte med smertestillande, og denne hadde forventa effekt. Pasienten blei teken hand om og stabilisert. Han fekk ingen varige mein av hending.

Rutinane seier at to personar skal kontrollere at rett medisin blei laga til. Avdelinga har no gått gjennom rutinane med dei tilsette og påpeika at desse skal følgjast. Mellom anna at den som lagar til medisin skal rydde etter seg og at dei tilsette alltid må lese på medikamentnamnet.

Fagdirektør Hans Johan Breidablik ved Førde sentralsjukehus seier til Bergens Tidende at dei tek lærdom av det som har skjedd.

Å få feil medikament kan vere svært farleg. Vi vil lære av det at slik at vi blir betre, seier han.