Hopp til innhold

Milo (8) fekk hjartestans fleire gangar i veka. Då tok veterinæren eit uvanleg val

BERGEN (NRK): I fleire år svima hunden Milo av utan at nokon visste kvifor. Ein spesialist på menneskehjartet redda livet hans.

Hunden Milo på venterommet til dyreklinikken Anicura på Nordås.

ENDELEG FRISK: Pacemakeren vil gje Milo eit betre liv.

Foto: Therese Pisani / NRK

Lukkeleg travar Milo inn på venterommet til dyreklinikken Anicura på Nordås.

For to veker sidan fekk han utført ein operasjon som ifølgje veterinær Thomas Øyo, aldri før har vore gjort i Noreg.

Den vesle bull terrieren fekk operert inn ein pacemaker. Den har som oppgåve å hindre at hjartet hans stoppar. I dag skal han inn til kontroll for å sikre at pacemakeren verkar slik han skal.

Hunden Milo saman med eigar Marius Dybevåg.

BESTEVEN: Takka vere pacemakeren kan eigar Marius Dybevåg få ha Milo hos seg i mange år til.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Hadde døydd utan behandling

Sjefsveterinær Thomas Øyo var den som til slutt fann ut kva som feila Milo. Årsaka viste seg å vere alvorlege hjarterytmeforstyrringar som gjorde at hjartet slutta å slå.

Når han visste kva som var årsaka til hunden sine plagar, var han ikkje i tvil.

– Anten måtte Milo få operert inn pacemaker, elles hadde han døydd, seier Øyo bestemt.

I tillegg ville ein pacemaker kunne betre Milo sin livskvalitet betrakteleg. Hjartestoppa medførte nemleg eit betydeleg fysisk ubehag for den vesle hunden.

– Ein hund som blir frårøva evna til å yte og handtere fysisk anstrenging og til ein viss grad stress, kan bli frustrert, redd og nedstemt, forklarar Øyo.

Hunden Milo får klipt opp stinga etter pacemaker-operasjonen.

STING: Veterinær Thomas Øyo fjernar stinga etter pacemaker-operasjonen.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK
Hjartespesialist Gaute Vollan og veterinær Thomas Øyo samarbeidde under operasjonen.

SAMARBEID: Hjartespesialist Gaute Vollan og veterinær Thomas Lyo samarbeida under operasjonen.

Foto: Hilde Røssland / PRIVAT
Hjartespesialist Gaute Vollan følgjer med på Milo si hjarterytme på skjermen.

KONTROLL: Hjartespesialist Gaute Vollan følgjer med på Milo si hjarterytme på skjermen.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK
RØNTGEN: Hjartespesialist Gaute Vollan studerar eit røntgenbilete av Milo.

RØNTGEN: Gaute Vollan studerer røntgenbiletet av Milo.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK
Røntgenbilete av pacemakeren.

RØNTGEN: Gaute Vollan viser korleis pacemaker-anlegget som ligg i nakken går via ei blodåre inn til hjartemuskelen.

Foto: Therese Pisani / NRK
Hunden Milo med eigar Marius Dybevåg.

TRYGG: Milo roar seg i armane til eigar Marius Dybevåg.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Fekk hjelp av hjartelege for menneske

Fordi operasjonen aldri før hadde vore gjort i Noreg, tok Øyo kontakt med ein han visste hadde kompetanse på denne typen operasjonar, hjartespesialist Gaute Vollan.

Han er overlege ved Haukeland Universitetssykehus og arbeidar med pacemaker-kirurgi.

Rett nok berre på tobeinte pasientar.

– Eg tykte det høyrdest ut som eit spanande og fagleg utfordrande prosjekt, seier Vollan, som takka ja til utfordringa på frivillig basis.

Gaute Vollan og Thomas Øyo samarbeidar under pacemaker-operasjonen.

SAMARBEID: Hjartespesialist Gaute Vollan og veterinær Thomas Øyo samarbeida under pacemaker-operasjonen.

Foto: Hilde Røssland / PRIVAT

Ikkje risikofritt

Operasjonen var vellykka, men ikkje utan risiko. Noko kan gå gale, både under og etter operasjonen.

– Du kan ikkje sei til ein hund at han skal ligge på sofaen og ta det med ro i to veker, seier Vollan.

Dermed er det ein viss fare for at det kan bli drag i leidningen, noko som i verste fall kan gjere at pacemakeren ikkje slår inn dersom hjartet til Milo skulle stoppe. Difor er Milo til kontroll i dag.

Røntgenbiletet viser at leidningen har flytta på seg. Det er bekymring å spore i andletet til den erfarne kirurgen. Ein ny test må takast for å slå fast om pacemakeren verkar.

– Då gjev eg masse straum på pacemakeren på ein rask frekvens, for å sjå om eg kan overta hjarterytmen til Milo. Viss du klarar det, veit du at pacemakeren verkar.

Heldigvis verkar pacemakeren framleis.

Røntgenbilete av pacemakeren.

RØNTGEN: Gaute Vollan viser korleis pacemaker-anlegget som ligg i nakken går via ei blodåre inn til hjartemuskelen.

Foto: Therese Pisani / NRK

Kan endeleg gå på fjellet

Båe hjartelege, dyrlege og eigar kan no puste letta ut. Pacemakeren har framleis effekt, sjølv om den har flytta litt på seg. Takka vere operasjonen kan Milo no få mange gode leveår til.

Eigar Marius Dybevåg har eit spørsmål til det litt uvanlege legeteamet:

– Kan vi gå på fjelltur, eller bør vi vente?

Hjartelege og dyrlege seier seg einige: – Eg trur vi berre må kaste loss, eg, seier Vollan.

– No får du fridomen tilbake, Milo, seier veterinær Øyo. – Det var trass alt derfor du fekk denne operasjonen.