Hopp til innhold

På kvar si side av blodig konflikt i heimlandet – her er dei vener

Det er i ferd med å bryte ut full krig mellom Israel og Gaza i Palestina. Miriam (16) og Ismail (18) er høvesvis frå desse landa, og søker støtte hos kvarandre.

Dei sit og følger dramatikken frå studenthyblar på United World College i Fjaler.

Miriam er israelar og Ismail er palestinar. Dei to naboane, i fleire forstandar enn ein, er fortvila over det som skjer.

– Eg tykkjer det er ein stor tragedie. Verken israelske eller palestinske sivile skulle måtte gå gjennom noko slikt, seier Miriam.

Ismael og Miriam

18 år gamle Ismail er palestinar og bur sør i Libanon, 16 år gamle Miriam er frå Israel.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Dette er så forferdeleg at ingen i heile verda skulle måtte oppleve noko slikt.

På hennar høgre side sit den unge palestinaren.

–Eg er opprørt over det som skjer akkurat no. Opprørt over all uskuldige sivile som har mist og som akkurat no mister livet på begge sider, seier Ismail.

Følger med på alle nyheitssendingar

I fredelege Fjaler kan dei to ungdommane møtast og snakke om det som skjer i heimlanda. Men krigen og frykta for familie og kjente er likevel aldri langt unna.

Ismail fortel at han følger med på alle nyheitssendingar. Det er tid han heller skulle brukt på skulearbeid.

– Eg ringer heim kvar for morgon for å forsikre meg om at alle har det bra. Eg følger med på alle nyheiter. Det tar mykje tid og energi, men eg må forsikre meg om at dei heime har det bra.

-

Konflikten mellom Israel og Hamas eskalerer framleis. Israel bad i går 1,1 millionar palestinarar flykte frå nordlege Gaza og varsla missilangrep. Leiren på biletet ligg i den sørlege enden.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP

18-åringen er og svært skuffa over korleis verdssamfunnet handterer konflikten.

– Dei har berre skunda seg til for å velje sider og seie kven som har rett til å gjere kva og kven som har rett til å forsvare seg, i staden for å jobbe mot ei løysing eller våpenkvile.

I mellomtida går det føre seg kamphandlingar, og 1,1 millionar menneske har fått beskjed om å flykte sørover på Gazastripa.

– Eg håpar krigen skal ta slutt. At folk skal slutte å drepe kvarandre. Eg håpar og det er mogleg å kome til ei semje som alle kan akseptere, seier Ismail.

Støttar kvarandre

I Fjaler søker dei to, som i heimlanda hadde stått på kvar si side i den blodige konflikten, no støtte hjå kvarandre.

– Vi spør kvarandre kvar dag om det går bra. Her har vi moglegheita til å møte kvarandre på ein respektfull og roleg måte. Noko som eg set stor pris på, seier Miriam.

Dei to tenker mykje på korleis dei skal snakke om krigen både med kvarandre men og medelevane.

UWC, Flekke i Fjaler

Dei to ungdommane går begge på den internasjonale skulen UWC i Fjaler.

Foto: Linn Haug Eide

– Når eg til dømes snakkar med Miriam så er det viktig å hugse på, som ho sjølv og seier, at ho berre representerer seg sjølv og ikkje handlingane til regjeringa og hæren i heimlandet, seier Ismail.

– Når eg snakkar med andre er eg oppteken av at dei skal vite at deira politiske synspunkt faktisk gjeld mitt og andres liv og ikkje berre er ei historie, seier Miriam.

16-åringen seier ho føler at dei er omgitt av folk som syner dei kjærleik og tar vare på dei. Begge håpar dei at den blodige konflikten snart skal ta slutt.

– Eg håpar at både palestinarar og jødar i Palestina får like rettar og lærer å leve saman. For det trur eg er den einaste moglege løysinga, seier Ismail.