Nest-Sotra jubel
Foto: Jan Erik Storebø / Vestnytt

Øygarden FK, 1. divisjon

Oppsummert

Her får du siste nytt om fotballklubben frå Sotra. Klubben gjekk tidlegare under namnet Nest-Sotra, men frå 2020 heiter dei altså Øygarden FK. Dei har heimebane på Ågotnes.

  • Poengdeling for botnlaget Øygarden

    Eit Øygarden-lag i motgang spelte uavgjort 1–1 heime mot Kongsvinger onsdag. Laget ligg sist på tabellen i 1.divisjon, poenget bak nettopp Kongsvinger. Det er seks poeng opp til kvalifiseringsplass når sju kampar står att.

  • 1 - 4 tap for Øygarden mot Strømmen

    Det såg lyst ut for Øygarden då Bjarte Haugsdal skåra fyrst på heimebane mot Strømmen. Austlendingane snudde derimot kampen etter 67 minutt, og vann kampen etter å ha skåra fire mål på tjue minuttar.

  • BT: Øygarden vil sparka trenaren

    Øygarden tok sin tredje siger i 1.-divisjon på Ågotnes måndag kveld. 3–1-sigeren mot KFUM gjer at laget ligg på kvalikplass, berre poenget framfor nedrykksplass. Ifølge BT vil klubben no kvitta seg med trener Bryant Lazaro (biletet) etter 15 kampar. – Eg kan bekrefta at me skal ha eit møte med Bryant tysdag, seier Kurt Fjeld, leiar i sportsleg utval og styremedlem i Øygarden.

    Bryant Lazaro
    Foto: Privat